Køyrde på hjort, deretter i fjellveggen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein mann i slutten av 50-åra har køyrt på ein hjort og deretter i fjellveggen. Ulukka skjedde på Fv 614, 300 til 400 m vest for krysset til Nordalsfjorden. Naudetatane er på staden.

Politiet fortel at føraren kom seg ut av bilen sjølv. Han har lettare skadar og vert sendt til Førde sentralsjukehus for sjekk. Bilen står det verre til med.

– Bilen står i fjellveggen, så den er totalvraka, opplyser Politiets operasjonssentral.

Køyretøyet er no fjerna og det er fri ferdsel på staden.

Artikkeltags