Kvinne funnen knivdrepen i Florø

UTRYKKING: Både politi, ambulanse og luftambulansehelikopteret rykte ut  til ei adresse i fredag kveld. Her blei ei kvinne funnen død etter å ha blitt knivstukken.

UTRYKKING: Både politi, ambulanse og luftambulansehelikopteret rykte ut til ei adresse i fredag kveld. Her blei ei kvinne funnen død etter å ha blitt knivstukken. Foto:

FLORØ: Ein person skal vere knivdrepen i Florø fredag kveld.

DEL

Politiet fekk inn melding kl 20 om ei hending på ei adresse i Florø. Politiet og ambulansar, samt luftambulanse rykka ut til adressa og fann ei kvinne som var knivstukken.

Det blei forsøkt livredding, men kl 20.30 blei kvinna erklært død på staden av lege.

Politiet har den antekne gjerningspersonen. Han blei pågripen på staden.

Politiet har sett i gang drapsetterforsking, og kriminalteknikarar er på veg til staden.

Kvinna sine pårørande var ikkje varsla då politiet gjekk ut med pressemeldinga si i 22-tida fredag kveld.



Artikkeltags