Fleire bøter i Florø

Kåre Toreid i UP.

Kåre Toreid i UP. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet hadde fleire kontrollar tysdag.

DEL

UP har hatt fleire kontrollar i Flora tysdag.

På føremiddagen hadde UP kontroll på Solheim. Her vart 41 bilførarar kontrollert for rus, men det var ingen som blåste raudt.

Seinare var det kontroll i Markegata, her skreiv politiet ut sju bøter. Tre bilførarar fekk bot for å bruke mobiltelefon, og fire fekk gebyr for manglande bilbelte.

På ettermiddagen hadde UP fartskontroll i 80-sona på Rv5 ved Eikefjord. Her vart det skrive ut fire forenkla førelegg. Høgaste fart som vart målt var 109 kilometer i timen.

Det melder politiet på Twitter.

Artikkeltags