Tre førarkort kverrsett etter fartskontroll

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politibetjentane Kåre Toreid og Tone Steen frå Florø politistasjon hadde torsdag fartskontroll i 80-sona ved Kvalvika og på Storebru i Eikefjord. Seks personar fekk førenkla førelegg og høgste hastigheit blant desse vart målt til 114 km/t. Tre personar fekk vidare kverrsett førerkort på grunn av høg hastigheit. Høgste fart av desse vart målt til 125 km/t, det skriv politiet på twitter.

Artikkeltags