Kraftige ristingar og utblåste vindauge

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Gårsdagens eksplosjon på EWOS i Florø vert no granska av politiet og arbeidstilsynet.

DEL

Måndag kveld rundt klokka 20.00 gjekk brannalarmen på EWOS i Florø, etter det som truleg var ein støveksplosjon.

Alarmen gjekk i sjuande etasje og naudetatane var raskt på staden. Bygget vart søkt gjennom av røykdykkarar, og klokka 21.30 melde Alarmsentralen at dei hadde kontroll på situasjonen.

Kraftige ristingar

– Eksplosjonen skjedde i ein råvaresilo i eit blanderi, og det var kraftige ristingar. Det kan sjå ut som om det var ein støveksplosjon, men det er førebels ikkje stadfesta sikkert, seier kommunikasjonssjef i Ewos, Hanne Dankertsen.

Eksplosjonen var så kraftig at folk i Havreneset som budde under ein kilometer unna, kjende det rista godt i sine eigne hus.

LES OGSÅ: Støv-eksplosjon på EWOS måndag kveld

Har varsla arbeidstilsynet

Det var ingen personar i bygget då eksplosjonen skjedde, men det er materielle skader på bygget:

– Fleire vindauge i etasjen har blåst ut, og det er skader på bygget, opplyser Dankertsen.

Ho fortel vidare at politiet i dag vil føreta undersøking av åstaden. Cargill Aqua Nutrition, som eig EWOS, vil gjere si eiga gransking. Arbeidstilsynet er også varsla.

Artikkeltags