Mista førarkort i 30-sone

Politi

Politi Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Politiet gjennomførte fredag føremiddag trafikkontroll i Vågavegen.

Ein førar fekk forenkla førelegg etter å ha køyrt i 52 km/t i 30-sona, medan ein annan førar blei målt til 42 km/t, men måtte ta seg vidare utan bil. Fartsoverskridinga gjorde at politiet beslagla førarkortet på grunn av for mange prikkar, melder politiet.

Seinare på dagen fann politiet ein 15 fots plastbåt på land i Stavang, ved området Kyraholmen. Båten er gul og har rødt bunnstoff. Politiet oppmodar eigaren til å melde seg.

I 14.30- tida utførte UP promillekontrollar i Florø og Eikefjord. Dei kontrollerte 29 førarar og alle gjekk klar.

Artikkeltags