No vil Lotto-millionæren kjøpe seg leilegheit

Artikkelen er over 4 år gammel

Den ferske Lotto-millionæren frå Florø vil kjøpe seg husvære, og kanskje starte restaurant.

DEL

Florø- mannen som var ein av 13 SuperLotto-vinnarar laurdag blei så glad at han grein då Norsk Tipping ringte og fortalte at han hadde blitt millionær. No skal han kjøpe leilegheit til seg og forloveden, fortel han til Norsk-Tipping.no.

- Oh, my God! Oh, my God, utbraut mannen i 30-årene då han laurdag 20. desember fekk vite at han er ein av 13 SuperLotto-millionærar - og dermed også 4.386.615 kroner rikare.

- Dette er den beste jula nokonsinne, fortsatte han, mens han både hiksta og lo om kvarandre.

Kjøper eige

Vinnaren, som er frå Polen og dei siste årene har jobba i Norge, sa laurdag også at premien kjem til å forandre mykje for han.

- No kan eg og forloveden min faktisk kjøpe oss ein eigen stad å bu. Det har vi så langt ikkje hatt mulegheit til, forklarte mannen, som blei SuperLotto-millionær takka vere ein kupong han leverte hos Narvesen i Strandgata i Florø 30. september.

- Eg har også hatt ein draum om å opne eigen restaurant. No er det jo litt større sannsynlegheit for at også den draumen går i oppfylling. Vi får sjå, la han til.

Vanskeleg å tru

Søndag, då det til ei viss grad hadde gått opp for mannen at han no er millionær, var Norsk Tipping igjen i kontakt med han.

Han hadde då også rukke å fortelle forloveden om nyheiten.

- Men ho trur framleis ikkje på det. Det kjem ho nok ikkje til å gjere før ho ser at pengane er på konto, seier han og ler.

Artikkeltags