Skal lage reglar for klasseturar

FORSLAG: Ordførar Ola Teigen og Ap la fram forslag om å lage regelverk for korleis klasseturar skal handterast, og fekk fleirtal. Dermed er det framleis usikkert korleis klasseturane blir i framtida. Foto: LRB

FORSLAG: Ordførar Ola Teigen og Ap la fram forslag om å lage regelverk for korleis klasseturar skal handterast, og fekk fleirtal. Dermed er det framleis usikkert korleis klasseturane blir i framtida. Foto: LRB

Artikkelen er over 3 år gammel

Flora kommune skal lage eit eige regelverk for klasseturar, i samarbeid med FAU og elevrådet.

DEL

Tysdag kveld diskuterte Flora bystyre Bente Nilsen (SV) sin interpellasjon om skuleturar på ungdomstrinnet. Politikarane var ganske så samstemte i at gratisprinsippet ikkje vert følgt i dag, og at noko må gjerast, bortsett frå Samlingslista og Ungdommens bystyre, som meinte at ein måtte halde fram med dagens praksis.

Mange tilbakemeldingar

– Eg har aldri fått så mange tilbakemeldingar i heile mitt politiske liv som eg har fått etter å ha stått fram med denne saka. Og nesten alle har vore positive. Dei synst det er viktig at eg tar dette opp, og mange synst det er vanskeleg og lite frivilligheit involvert i desse klasseturane, sa Bente Nilsen frå talarstolen.

Ho fekk støtte frå Hanne Husebø Kristensen, som sjølv sit i FAU og har to døtrer på ungdomsskulen.

– FAU hadde møte etter at FAU-styret sende ut sitt brev. Stemninga var kritisk. Foreldre føler press både til dugnad og til å vere positive til turane, sa Kristensen.

– Foreldre sitt første møte med skulen og andre foreldre er ofte å ta stilling til kva tur ein skal reise på. Alle samlingane i ungdomsskulen handlar om pengegaloppen, kaker, dugnad og dopapir. Dette har ikkje berre gjort positive ting for klasseånda. Og er det eigentleg dugnad å selje kake og dopapir med lav avanse?, spurde ho.

Kristensen meiner det ikkje er dugnadsånda som vert stimulert ved å jobbe med desse turane, då det i stor grad er foreldra som gjer arbeidet.

– FAU etterlyser faste rammer for turane, slik at det skal bli rettferdig, og ønsker å jobbe vidare med denne problemstillinga, sa ho.

Ho understreka at ho berre snakka for seg sjølv og FAU, og at meiningane i resten av Høgre-gruppa var delte.

Nytt regelverk

Ordførar Ola Teigen og Ap var klare på at Opplæringslova og gratisprinsippet må følgast, og la fram eit forslag som fekk fleirtal i bystyret.

– Eg har ingen problem med å sjå at turane er bra for klassemiljøet, for elevar og for samhaldet. Men vi må følge opplæringslova. Denne saka er så viktig at eg vil komme med eit eige framlegg til vedtak, sa Teigen.

I vedtaket gir politikarane rådmannen i oppdrag å lage nye retningsliner for skuleturane til ungdomstrinnet, for å skape ei felles forståing av gratisprinsippet.

Retningslinene skal utarbeidast i samarbeid med FAU, elevrådet og administrasjonen på ungdomsskulane, og dei skal gjelde frå skulestart 2017. Regelverket skal leggast fram for politisk handsaming i bystyret og Levekårsutvalet i løpet av våren.

- Kva med dei som ikkje kan reise?

– Kva med dei ungane som ikkje kan reise til utlandet fordi dei ikkje har pass eller reisedokument?

Ap-politikar Bente Nygård jobbar som leiar ved Solbakken asylmottak, og snakka asylbarna sin sak i skuleturdebatten.

– Asylbarna kan ikkje reise på utanlandsturar uansett. Dei har ikkje papir til å forlate landet. Så kan ein velge å sjå bort frå desse ungane, og tenke «litt svinn må ein rekne med». Men vi er ein busettingskommune med asylmottak, påpeika ho.

– Dette er ungar som er med på klassedugnadane, dei jobbar på så godt dei kan, og så får dei sjokk når dei får beskjed om at dei ikkje får vere med klassen sin på tur, sa Nygård til Flora bystyre.

– Og tenk på ungane frå Syria, som nettopp har komme hit. Dei kan krig. Skal vi ta med dei til Polen for å lære om ein krig som skjedde for 70 år sidan?, spurde ho.

– Som politikar er eg ansvarleg, og må sørge for at vi følgjer lova. Og eg vil at alle skal kunne vere med på tur, både dei som har masse pengar og dei som har lite pengar, sa ho også.

– Framandhat

Innlegget til Nygård fekk både Jacob Nødseth og Hilmar Eliasson frå Samlingslista til å reagere.

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Å framstille desse turane som motstand mot sosial integrering av flyktningar som vi har tatt imot? Retorikken til Nygård skapar framandhat. Å dra dei inn i denne debatten, det reagerer eg sterkt på, sa Nødseth.

– Eg reagerer på Nygård sin retorikk; å argumentere med at krigen var for 70 år sidan, og å ville hindre at ungane våre skal få lære om 2. verdskrig. Foreldra mine levde under krigen, og eg vil i alle fall at ungdommen skal lære om den, sa Hilmar Eliasson, som også snakka varmt om utanlandsturane til ungdomsskulen.

- Slutta med Polen-turar for ti år sidan

Eikefjord ungdomsskule slutta med Polen-turar for ti år sidan.

Det fortalde Høgre-politikar Trine Tønnesen Hovland (H), som også er administrasjonskonsulent ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.

– Det er ingen som nemner Eikefjord i denne samanhengen. Eikefjordskulen reiser på tur også, men vi reiser ikkje til Polen. Nokre klassar reiser på tur med Svanhild, andre på rafting i Jølster eller tur til Bergen. No er det ein klasse som skal på tur med seglskuta Loyal, fortalde ho.

Ein del klassar reiser til utlandet, men ikkje til Polen, presiserer Hovland til Firdaposten. Dei som no skal på tur med Loyal skal til Shetland, og fleire klassar har vore til dømes i England eller Berlin.

– Blås i dei store pengesummane. Kvar ein reiser er ikkje det viktigaste. Det er samhaldet som er det viktige med ein slik tur, og alle i klassen må få vere med på reisa. Og eg er ikkje nokon stor fan av Polen-turar, sa Hovland, og bad bystyre halde seg til det saka eigentleg handla om; gratisprinsippet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken