Ho gir deg 4G på fjorden

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag kjem Formel1-båtførar Marit Strømøy og teamet hennar til Florø, og du kan få sitte på.

DEL

Arrangørane av Florø Poker Run har fått racerbåtførar Marit Strømøy og teamet hennar til kystbyen. Fredag kveld har du sjansen til å sitte på med ein Formel 1-katamaran i nesten 200 kilometer i timen på fjorden.

Toseteren på 500 kilo har 400 hestekrefter, har ein toppfart på rundt 100 knop og aksellererer 0-100 på tre sekund.

Strømøy lovar at passasjerane får oppleve over 4G, kanskje G-krefter heilt opp i 6, i svingane.

- Må opplevast!

Henning Solheim i Florø Poker Run gler seg stort til å sitte på sjølv.

- Dette må definitivt opplevast! For ein som er glad i fart og spenning er dette eit must, seier Solheim.

Marit Strømøy er eit kjend namn både nasjonalt og internasjonalt. Ho konkurrerer i World Championship F1 H20 powerboat for Team Strømøy, eit team som far hennar starta i 1965.

Sjølv begynte ho med racing som 12-åring. I dag er ho 40 år, og konkurrerer framleis. Ho er også ein kjend artist i Norge, og har delteke i MGP.

Marit Strømøy hadde Truls Svendsen med seg i båten i "Oppdrag Norge" på TV2 i fjor. Han fekk seg ein støkk.

Marit Strømøy hadde Truls Svendsen med seg i båten i "Oppdrag Norge" på TV2 i fjor. Han fekk seg ein støkk.

- Kvifor har de fått Strømøy til Florø?

- Fart og spenning på sjøen er noko vi brenn for, og vi synst det er kjekt med denne typen arrangement. Florø er ein by i fjøra, så kvifor ikkje ha denne typen arrangement?, seier Solheim.

Han kom tilfeldigvis i kontakt med henne på ei messe i Oslo. Dei snakka saman, og det eine tok det andre. No kjem ho altså hit med team og båt.

Mange vil sitte på

Det er allereie ein del påmeldte til å sitte på med Marit. I starten gikk det litt treigt med påmeldingane, fortel Solheim. Men så kom eit Førde-firma og kjøpte opp ein del plassar, og då fekk dei så mange dei måtte ha for å kunne arrangere dette. Sidan har det komme fleire til, og det er framleis ope for påmelding. Det er også ope for drop inn på Furuholmen fredag kveld.

- Ho kjem til å køyre så lenge det er passasjerar. Eg oppfordrar folk til å både komme og sjå på, og til å prøve å sitte på, seier han.

Det er fullt mogleg å vere publikummar under arrangementet også. Det er god plass på Furuholmen, og det er mogleg å sjå det frå eigen båt også. Men då må ein halde avstand, og ligge heilt i ro.

- Marit kan ikkje køyre fort om det kjem bølger. Då må ho slakke ned, og ein øydelegg turen for den som er passasjer. Ein må også halde god avstand, vi har både vasscooterar og båtar som skal passe på dette, fortel Solheim.

Poker Run laurdag

Laurdag er det tid for årets Poker Run. Det er førebels påmeldt rundt 20 båtar, men Solheim trur dei vil vere nærare 30 som deltar.

- Det er ein del som driv å klargjer båtane sine no. Det er ein del raske og spesielle båtar som pleier å delta, som krev mykje vedlikehald, og det kan vere vanskeleg å skaffe delar, så vi får sjå, seier han.

Men ein treng ikkje ha nokon racerbåt for å vere med. Arrangementet er ope for alle båtar som går over 25 knop.

- Om det er ein Saga, ein racer eller ein speedbåt speler inga rolle. Vi vil gjerne vise fram mangfaldet av båtar, og arrangementet er ope for alle. Så det er berre melde seg på, oppfordrar Solheim, som saman med Dan Roger Book, Elise Vee og Anders Cassells arrangerer Florø Poker Run.

I år går turen frå sentrum til Fanøy, så innom Askrova, så lunsj i Stavang hos Steinar Svardal. Båtane køyrer så gjennom Brandsøysundet, innom Haukåa, og ut igjen til Florø sentrum og gjestebrygga.

Artikkeltags