– Eg sa eg skulle brekke beina på han, seier Christer Husa og ler med referanse til kva den svenske midtstopperen Alexander Milosevic sa til Erling Braut Haaland før landskampen mellom Norge og Sverige.

Han hadde vore i kontakt med kompisen Endre Kupen før kampen, og Husa passa på å starte eit lite mindgame på melding før dei skulle på same bane. Men noko feide mellom dei to, må vi nok avkrefte. Men to vinnarskallar er dei, så dei rekna nok ikkje med nåde frå kvarandre i taklingane.

Dei to Obosheltane var målscorarane då Florø rykte opp i Obosligaen i 2016. Christer Husa har trappa ned og speler i dag for Bremanger IL i Kretsligaen. Endre Kupen er i Sogndal og spelte fredag for andrelaget som også speler i Kretsligaen.

Sogndal 2 kom til Bremanger som favorittar. Dei ligg på andreplass bak Årdal med 21 poeng på 10 spelte kampar. Bremanger er midt på tabellen med 12 poeng. Og det var dei kvite favorittane og Endre Kupen som starta best. Kampen var 18 minutt gammal då Kupen sende Sogndal 2 i leiinga. 0–1 var også stillinga til pause.

Andre omgang var berre sju minutt gammal då Vebjørn Igland Nigardsøy utlikna for heimelaget. Det skulle ikkje bli fleire mål på Bremanger Stadion, dermed enda det 1–1 og poengdeling mellom dei to store Obos-heltane til Florø Fotball.