Podcastpanelet testar juleøl: Solid siger til Julefred

JULEØL: Tre glade juleølsmakarar etter å ha kåra Julefred til testens vinnar. Foto: Arne Hjorth Johansen
PODCAST: Juleølsmaking har ein lang tradisjon, både i Florø og i Firdaposten. Podcastpanelet tek det vidare og testar juleøl i årets siste podcast.
Juleølsmaking har vore ein lang tradisjon, både i Florø og i Firdaposten Ikkje minst gjennom aktiv og entusiastisk dekning og deltaking frå journalistlegendene Harald J. Stavang og Knut Magnussen. No tek podcast-gjengen, denne gongen representert med Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen opp arven, vel vitande om at det er store sko å fylle for ganske små føter.
. I denne podcasten smakar dei på ni sortar øl, og kårar ein vinnar. Dette gjer dei samtidig som dei snakkar om kva saker som har vore mest lest i Firdaposten den siste veka, og gjer ei oppdatering på kåringa av tiårets florøværing. Vi tek framleis i mot kandidatar på arne.johansen@firdaposten.no
Vinnaren, med 261 poeng, blei Kinn bryggeri sitt «Julefred». Andreplassen tok sørlendingane i Christianssands Bryggeri med sitt Juleøl. Det fekk 207 poeng. Her er heile lista:
1: | Kinn Bryggeri | Julefred | 261 |
2: | CB Bryggeri | Juleøl | 207 |
3: | Kinn Bryggeri | Solsnu | 199 |
4: | Tuborg | Julebryg | 184 |
5: | Hansa | Julebrygg | 183 |
6: | Hansa | Juleøl | 153 |
7: | Røros Bryggeri | An-Magritt | 138 |
8: | Mack | God jul og godt nyttår | 94 |
9: | Borg | Juleøl | 71 |
Vi håper du får det like kjekt når du høyrer på som dei hadde då dei spelte det inn.
Podkasten finst på Spotify og på andre podkast-tenester. Og som vanleg kan du sjølvsagt høyre den akkurat her:
Kommentarer til denne saken