Må Ola Teigen roe seg kraftig ned? Og kva meiner podcastpanelet om hamburgarane på Kafe Kandis og Amanda grill?

METTE: Torgeir Halvorsen, Arne Hjorth Johansen og Fredrik Helland, gode og mette på burgarar.

METTE: Torgeir Halvorsen, Arne Hjorth Johansen og Fredrik Helland, gode og mette på burgarar. Foto:

PODCAST: Jakta på byens beste burgar held fram, i tillegg snakkar Fredrik Helland, Torgeir Halvorsen og Arne Hjorth Johansen om laust og fast som dei har vore oppteke av den siste veka.

DEL

I kommunestyremøtet i Kinn denne veka fekk ordførar Ola Teigen (Ap) kritikk for sine meir eller mindre morsomme kommentarer til representantane under møtet. Morten Hagen (H) ba ordføraren slutte med dette. Må Ola Teigen rett og slett roe seg kraftig ned? Det er spørsmål podcastpanelet stiller denne veka.

Jakta på byens beste burgar held fram. Denne gongen er det hamburgarane frå Kafe Kandis og Amanda Grill som blir testa av panelet, og der burgar-testarane tidlegare har vore ganske einige, er det denne gongen mykje sprik i meiningane.

Så er vi sjølvsagt innom kva som har vore dei mest leste sakene i Firdaposten den siste veka, og Fredrik Helland rasar mot dei butikkane i Strandgata som allereie har pynta til jul.

Podcasten kan du høyre her. Du finn den også på Spotify og andre podcast-tenester.

Artikkeltags