Kva meiner podcastpanelet om at Terje Rognsø skal trene Førde til neste år? Og jakta på byens beste burgar held fram

METTE OG GLADE: Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen er ikkje lei av burgarar enno. Sjå så mette og glade dei er!

METTE OG GLADE: Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen er ikkje lei av burgarar enno. Sjå så mette og glade dei er! Foto:

PODCAST: Denne veka er det Per Øyvind Helle, Fredrik Helland og Arne Hjorth Johansen som utgjer podcastpanelet. Dei er uroa for helsa til Terje Rognsø, etter at han no har sagt ja til å trene Førde neste år.

DEL

Det er ingen tvil om at jakta på byens beste burgar engasjerer. Både Fredrik og Hjorthen blir stadig kontakta av folk som har meiningar i saka. Det er framleis burgarar igjen å teste, og denne gongen er det Bolette og Tapas Bar Burgers som blir lagt under lupen.

Terje Rognsø har takka ja til eit tilbod om å trene Førde neste år. Panelet har sine teoriar om kva som kan vere årsaka til dette. Står det eigentleg bra til med helsa til den tidlegare Florø-trenaren? Eller er det ein konspirasjon for å legge klubben inne i lyskrysset i grus?

Og kva med vimpelen som dukka opp i ein antikvitetsforretning i India? Korleis hamna den der? Hadde Jenny Følling ein finger med i spelet? Og kva kosta vimpelen? Det er slikt dei lurer på.

Dessutan har Fredrik bestemt seg for at podcastpanelet må teste juleøl før jul, og ber om tips til kva sortar som må prøvesmakast i den samanhengen. Vi tek i mot innspel og tips, både til juleøl og andre ting som bør fram i lyset og opp på podcastbordet på e-post: arne.johansen@firdaposten.no

Podcasten finn du her, eller du kan høyre den på Spotify eller andre podcasttenester.

Artikkeltags