Har dei funne byens verste hamburgar?

PANEL: No er det berre to veker att av jakta på byens beste burgar. Fredrik Helland, Arne Hjorth Johansen og Beate Solheim Grønnevik ser fram til å kåre ein vinnar.

PANEL: No er det berre to veker att av jakta på byens beste burgar. Fredrik Helland, Arne Hjorth Johansen og Beate Solheim Grønnevik ser fram til å kåre ein vinnar. Foto:

PODCAST: For å finne den beste burgaren Florø by kan levere må ein også smake på nokre variantar som ikkje er i toppklasse.

DEL

PodcastBeate Solheim Grønnevik var tilbake i podcastpanelet denne veka, saman med Fredrik Helland og Arne Hjorth Johansen. I ei veke der nyheitene har vore dominert av tunge og triste sakar, pratar panelet seg gjennom gladsakene som også har vore lest. Det er James Bond-hus ved Havhesten. Det er Pawel i Eikefjord som bygger japansk hus til kona. Dessutan skal Purkehola oppstå på ny, sjølv om Beate ikkje har peiling på kor den ligg.

Dessutan held jakta på byens beste burgar fram. På testbenken denne gongen ligg det burgar frå Odin restaurant og Pizzahjørnet, og denne gongen spørst det om ikkje panelet har funne byens dårlegaste burgar ...

Panelet kom heller ikkje unna å kommentere litt rundt bildeserien frå internasjonal dag på Flora vidaregåande, som enkelte hevdar har skaffa podcastvert Arne Hjorth Johansen ein rekke nye fans.

Du finn podcasten på Spotify om det passar deg best, men du kan sjølvsagt også høyre den her på denne sida:

Artikkeltags