Vil du helst ha toppen, eller botnen av rundstykket? Og var eigentleg alt betre før? Podcastpanelet har svar

PANELET: Her er vekas podcastpanel. Hjorthen, Maren Avsnes Klakegg og Per Øyvind Helle tek opp allmengyldige tema i vekas podcast.

PANELET: Her er vekas podcastpanel. Hjorthen, Maren Avsnes Klakegg og Per Øyvind Helle tek opp allmengyldige tema i vekas podcast.

PODCAST: Per Øyvind og Hjorthen er ufrivillige deltakarar i ein sosialantropologisk studie kokt saman av Maren, og må svare på ei rekke med rare spørsmål. Vi er usikker på konklusjonen.

DEL

Vårt podcastpanel er heilt einige om at vi helst vil ete botn av rundstykket om vi kan velje, men er det noko gale med folk som helst vil ete toppen av rundstykket?

Vil du helst ha handkle mjuke, fluffy og rett frå tørketrommelen, eller skal dei vere harde når du tørkar deg etter dusjen?

Kva med majonestuben? Kor klemmer du på den? Helsar du på Florøfolk du ikkje kjenner om du treff på dei i storbyjungelen? Og kva er verst? Å helse, og ikkje få hei tilbake, eller er det verre når folk helsar på deg, og du ikkje helsar tilbake?

Maren Avsnes Klakegg har laga ein sosialantropologisk studie om heilt trivielle ting som likevel seier mykje om kven vi er som person. Her kan du med andre ord bli litt betre kjend med podcastpanelet.

Og var alt eigentleg betre før?

I tillegg er vi som vanleg gjennom dei mest leste sakene i Firdaposten i veka som har gått frå fredag til torsdag.

Du finn podcasten på Spotify, og andre podcasttenester. I tillegg til at du sjølvsagt kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken