Podcastpanelet testar juleøl: Solid siger til Julefred

JULEØL: Tre glade juleølsmakarar etter å ha kåra Julefred til testens  vinnar.

JULEØL: Tre glade juleølsmakarar etter å ha kåra Julefred til testens vinnar. Foto:

PODCAST: Juleølsmaking har ein lang tradisjon, både i Florø og i Firdaposten. Podcastpanelet tek det vidare og testar juleøl i årets siste podcast.

DEL

Juleølsmaking har vore ein lang tradisjon, både i Florø og i Firdaposten Ikkje minst gjennom aktiv og entusiastisk dekning og deltaking frå journalistlegendene Harald J. Stavang og Knut Magnussen. No tek podcast-gjengen, denne gongen representert med Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen opp arven, vel vitande om at det er store sko å fylle for ganske små føter.

. I denne podcasten smakar dei på ni sortar øl, og kårar ein vinnar. Dette gjer dei samtidig som dei snakkar om kva saker som har vore mest lest i Firdaposten den siste veka, og gjer ei oppdatering på kåringa av tiårets florøværing. Vi tek framleis i mot kandidatar på arne.johansen@firdaposten.no

Vinnaren, med 261 poeng, blei Kinn bryggeri sitt «Julefred». Andreplassen tok sørlendingane i Christianssands Bryggeri med sitt Juleøl. Det fekk 207 poeng. Her er heile lista:

1: Kinn Bryggeri Julefred 261
2: CB Bryggeri Juleøl 207
3: Kinn Bryggeri Solsnu 199
4: Tuborg Julebryg 184
5: Hansa Julebrygg 183
6: Hansa Juleøl 153
7: Røros Bryggeri An-Magritt 138
8: Mack God jul og godt nyttår 94
9: Borg Juleøl 71

Vi håper du får det like kjekt når du høyrer på som dei hadde då dei spelte det inn.

Podkasten finst på Spotify og på andre podkast-tenester. Og som vanleg kan du sjølvsagt høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken