Litt gøyt, og litt drøyt. Hanne og Julie stilte i podcaststudio for å fortelje om årets russerevy

PODCAST: I vekas podkast hadde vi besøk av Hanne Brendehaug og Julie Sørland. Dei har ansvaret for årets russerevy.

DEL

Neste helg går teppet opp for årets russerevy. 2000-kullet skal vise kva dei kan, og Firdaposten ville gjerne høyre litt om kva vi har i vente. Difor spurte vi dei to som har ansvaret for russerevyen i år om å stille opp på ein podkast, og Hanne Brendehaug og Julie Sørland såg sitt snitt til å sleppe unna ein skuletime, så dei takka ja.

– Det blir litt gøyt, og litt drøyt, lovar dei to jentene, og meiner at har laga ein betre revy enn sjølvaste Florarevyen gjorde i år. Så dei har lagt lista høgt.

Med tanke på kva dei elles har å by var revysjefane opptekne av at dei ikkje ville røpe for mykje, og vi skal heller ikkje røpe for mykje om kva vi snakka om her. Vil du vite må du høyre på podcasten, og kjøpe billett til russerevyen.

Artikkeltags