Ny podcast: Platearbeidaren og Hjorthen snakkar om ny musikk

PLATEPRAT: Roald Hansen og Arne Hjorth Johansen, samt litt av platesamlinga til Hansen.

PLATEPRAT: Roald Hansen og Arne Hjorth Johansen, samt litt av platesamlinga til Hansen.

PODCAST: Har du sakna platemeldingane i Firdaposten? No kan du høyre dei på vår nye podcast.

DEL

PODCASTFirdaposten sin platemeldar, Roald Hansen, har vore å finne i Firdaposten sine spalter sidan 2004. Sjølv om meldingane om nye plater på marknaden har blitt sjeldnare dei siste åra, ligg musikkinteressa fast. Du skal leite langt og lenge for å finne nokon her i landet som kan matche hans kunnskap om musikk. Særleg gjeld dette musikken som gjerne blir kalla for «Americana». Altså amerikansk musikk med røter tilbake til folk og country.

Saman med Hjorthen, aka Arne Hjorth Johansen, har han laga ein podcast der dei pludrar om ny musikk som Roald meiner du bør lytte på akkurat no.

Hjorthen starta sin journalistkarriere på åttitalet som musikkjournalist i musikkavisa Rock Furore, og har ein mørk fortid som pusher av plater i forskjellige platebutikkar. Dette er rett nok lenge sidan, han har ikkje høyrt mykje ny musikk sidan Creedence gjekk i oppløysing. Hans rolle er med andre ord å vere Roald sin Doktor Watson. Saman har dei to tenkt å pludre om musikk med jamne mellomrom i tida framover. Ein gong i månaden er den ikkje akkurat ambisiøse planen.

Den første podcasten til dei to pludrarane kan du høyre her.

Utfordringa med å lage ein podcast om musikk er at det kostar så mykje pengar å spele musikk i det formatet at det ikkje på noko vis er økonomisk ansvarleg. Men all musikken finst på Spotify, og Roald har laga ein speleliste der du kan høyre litt av musikken som blir nemnt i podcasten. Den finn du her.

Artikkeltags