Podcast-gjengen tester burgaren på Go-Biten. Er den best i byen?

GOD HELG: Podcast-gjengen, her ved Beate Solheim Grønnevik, Arne Hjorth Johansen og Fredrik Helland, ønsker alle ein god helg.

GOD HELG: Podcast-gjengen, her ved Beate Solheim Grønnevik, Arne Hjorth Johansen og Fredrik Helland, ønsker alle ein god helg. Foto:

PODCAST: Burgar-testing, politikerløn, Ola Teigen-metoden og Geir Oldeide. Det er berre litt av det podcast-gjengen til Firdaposten er innom i denne episoden.

DEL

Firdaposten sitt podcast-lag har teke mål av seg til å kåre byens beste hamburgar. Det kjem til å ta tid å finne svaret, men det kjem! I denne episoden kan du høyre kva Fredrik «Burger» Helland, Britney Solheim Grønnevik og Arne Hjorth Johansen meiner om burgaren til Mix Go-Biten.

Dei snakkar elles om mykje rart. Politikarløn i Kinn kommune. Ola Teigen-metoden, Geir Oldeide og nasebor er berre noko av det dei kjem innom. Du får også vite kven av dei som gav mest til TV-aksjonen, og får sjansen til å bli litt betre kjend med mormora til ein av podcastarane.

Kva burgar bør vi teste neste veke? Har du tips til tema, noko du lurer på, eller berre har lyst til å seie hei. Ta kontakt. Legg igjen ein kommentar, eller send ei e-post til arne.johansen@firdaposten.no.

Podcasten høyrer du her, eller du finn den på Spotify om du berre søker på Firdaposten.

Artikkeltags