– Kor hadde Florø vore utan burgaren til Bistro To Kokker?

SNART JUL: Fredrik Helland, Torgeir Halvorsen og Arne Hjorth Johansen har begynt å glede seg til jul.

SNART JUL: Fredrik Helland, Torgeir Halvorsen og Arne Hjorth Johansen har begynt å glede seg til jul. Foto:

PODCAST: Burgartesten til podcastgjengen går mot slutten. Denne gongen er det to populære burgarar som barkar saman i duell.

DEL

Kor hadde Florø vore om ikkje Bistro To Kokker hadde teke hamburgaren til byen på slutten av åttitalet? Det får du nok ikkje svar på i denne vekas podcast, men tida er uansett inne for å teste byens eldste hamburgar, nemleg den so kalla bistroburgaren. Men den får tøff konkurranse frå superburgaren til Circle K. Kven av dei er best, og kva burgar blir til slutt kåra til byens beste?

Det siste spørsmålet får du ikkje svar på før til neste veke. Då er det nemleg klart for den siste burgarduellen i denne litt uhøgtidelege kåringa.

Elles snakkar panelet, som denne gongen er Fredrik Helland, Torgeir Halvorsen og Arne Hjorth Johansen om ting som har skjedd den siste veka. IKEA. Casa Rognsø. Og vi spør oss sjølv om det er sosialt akseptert å ete pizza på restaurant om du er aleine.

Du finn podcasten på Spotify om det passar deg best, men du kan sjølvsagt også høyre den her:

Artikkeltags