– Vi kan ikkje sjå på at lesarane våre blir meir og meir digitaliserte, utan at vi er med dei.

Det seier redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

DEL

Podcast:Måndag vart det klart at Firdaposten tek nokre nye steg for å satse meir på digital lokaljournalistikk. Dette inneber at vi reduserer frekvensen, fortel redaktør Svend Arne Vee i dagens podcast.

– 24. april blir første dagen utan tysdagsavis, dagen etter kjem den første onsdagsavisa, presiserer redaktøren.

På spørsmål om kvifor akkurat dei to dagane, svarar Vee at det er fleire omsyn som ligg bak.

– Fredagsavisa er viktig å beholde for lesarane sin del. Vi veit av undersøkingar og erfaringar at det er den avisa som blir mest lest på papir. Onsdagen er vald av omsyn til handelsstanden lokalt for at dei framleis skal kunne ha eit godt annonseorgan inn mot dei dagane som er viktigast for dei, og det er fredagar og laurdagar, svarar redaktøren.

Men det er også ei endring i lesemåten til lesarane som ligg bak frekvensendringa. Dei siste åra har avislesing på mobile plattformar skote i veret.

– Vi kan ikkje sitte stille å sjå at utviklinga spring vekk frå oss, utan at vi er med, seier Vee og presiserer:

– Firdaposten har hatt åtte til ti år med jamn tilbakemgang i opplaget vårt, men dei to siste åra har den trenden snudd til vekst. Eg er overtydd om at det er fordi vi satsar på meir digitalt allereie, det må vi berre styrke oss på. Og vi ser at i dag kjem så å seie alle nye abonnentar inn som digitalabonnentar, seier Vee.

Høyr heile intervjuet på podcasten over.

Artikkeltags