Lesartala skaut i vêret same dagen som Firdaposten endra frekvens

Det skuldast i all hovudsak at vi lanserte det søkbare arkivet vårt same dagen.

DEL

Same dag som Firdaposten for første gong på lenge ikkje kom ut med tysdagsavisa, vart arkivet vårt søkbart heilt attende til 1948. Det gav utslag på trafikktala på Firdaposten.no. Har du vore innom arkivet vårt i går og søkt på deg sjølv, er du ikkje åleine.

– Det forklarar at talet klikk på Firdaposten.no auka frå 45.000 til 60.000. Og det merka vi på sosiale medier; mange var innom for å leite i arkivet etter gamle godbitar. Mellom anna hadde mange funne gamle artiklar om seg sjølv, seier redaktør Svend Arne Vee.

– Har du søkt på deg sjølv?

– Ingen kommentar, humrar redaktøren.

Han hadde sjølv tidlegvakta då tysdagsavisa for første gong på lenge ikkje låg i postkassa, og innrømmer at det kribla litt ekstra i magen.

– Vi har planlagt denne omlegginga lenge, og var naturleg nok spent på responsen blant lesarane våre; om vi kom til å få kjeft, men eg har stort sett fått positive tilbakemeldingar, og det er sjølvsagt oppmuntrande.

– Har du fått mange oppseiingar?

– Berre ein, svarar Vee.

Høyr resten av intervjuet med redaktøren i podcasten over.

Artikkeltags