Gunnar Staalesen besøkte Firdapostens Podcaststudio

PODCAST: Han er norsk krimlitteraturs grand old man, og skaparen av Varg Veum. Her er han på besøk i det gamle arkivet for ein podcast.

DEL

PodcastHan debuterte som forfattar med Uskyldstider i 1969, og kan dermed feire 50 år som forfattar i år. Men det er som krimforfattar han har blitt folkeeige. Først med politiduoen Dumbo og Maskefjes, så med den litt slitne privatdetektiven Varg Veum. Førstnemnde er for lengst pensjonert, men Veum lever framleis i beste velgåande. Den 19de romanen om Varg Veum kom ut i fjor, og Staalesen meiner han framleis har fire-fem Veum-romanar i seg.

Då Staalesen kom innom Florø for å snakke om krimlitteratur på biblioteket spurte vi om han ikkje ville ta ein tur innom vårt Podcast-studio i same slengen, og han var ikkje tung å be. Resultatet kan du høyre her:

Artikkeltags