Høyr vår podcast med Linda Eide

Linda Eide og Arne Hjorth Johansen

Linda Eide og Arne Hjorth Johansen Foto:

PODCAST: Linda Eide er i Florø med førestillinga "Oppdrag Mottro" på fredag. Ho tok seg tid til ein prat i vårt podcast-studio.

DEL

Linda Eide er forfattar og journalist i NRK, der ho har vore sidan 1990. Først i radio, deretter på tv i programmet «Norsk Attraksjon» (2007-2012), og deretter dokumentarserien Smæsj som handlar om korleis sportar har blitt til. i I 2017 kom «Eides språksjov», ein ny suksess, som frå hausten av blir å sjå i beste sendetid laurdagar på NRK. Ho har også gitt ut fem bøker.

Eide har vunne eit utal av prisar: I 2006 fekk ho Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, og i 2008 fekk ho Dialektprisen frå Norsk Målungdom, ho vart kåra til Årets Homo av Bergen Gay Galla, og ho fekk sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening. Det året fekk ho også Bergen journalistlags Gullparaply. Denne månaden fekk ho Storegutprisen under Litteraturdagane i Vinje. Den fekk ho for eineståande formidlingsevne som nynorsk og dialektbrukande journalist.

Fredag er ho på plass i Florø med førestillinga «Oppdrag Mottro», og då tok ho seg tid til ein tur innom Firdaposten for ein halvtimes prat i vårt Podcast-studio. Det kan du høyre her:

Artikkeltags