Fotballhall, turleiar med hoggormskrekk og parkerings-Jesus. Her er vekas podcast

DEL

Ved ein inkurie blei Firdaposten sin høgtidelege og vitskapelege kåring av byens beste hamburgar avslutta denne veka. Kven som serverer byens beste hamburgar får du vite i denne podcasten.

I panelet denne veka finn vi Fredrik Helland, Arne Hjorth Johansen og Beate Solheim Grønnevik, som er i balanse igjen etter at Britney Spears hadde fødselsdag for nokre dagar sidan. Denne gongen snakkar dei om slikt folk er oppteke av. Fotballhallen som kanskje blir utsett, eller avlyst? Turleiar med hoggormskrekk og ikkje minst: Er parkeringssjef Jan Harald Arnesen eigentleg Jesus? Burde han ikkje sagt det litt før i så fall?

Du finn både denne og dei tidlegare podcastane våre på Spotify, og andre podcasttenester. Du kan sjølvsagt også høyre podcasten akkurat her:


Artikkeltags