Podcastpanelet ber om hjelp: Kven er tiårets florøværing?

PODCAST: 2010-talet er snart over. Podcastpanelet lurar på kven som har gjort seg fortent til tittelen «tiårets florøværing".

DEL

Denne gongen er det Fredrik Helland og Per Øyvind Helle som er med Arne Hjorth Johansen i studio. Praten går om Kinn kommunestyre, som tyter så mykje at politikarane ikkje kjem seg heim att. Byen som skal heite Florø, og kanskje ha rådhus i Brandsøya? Uværet som har herja dei siste dagane, og billetane til Florarevyen som snart blir lagt ut for sal.

Denne gongen vil dessutan podkast-panelet ha hjelp frå lyttarane. Vi er på veg ut av 2010-talet, og ferdig med eit tiår. Kven har vore tiårets florøværing? Kven har sette Florø på kartet? Eller kven har gjort mest for lokalsamfunnet, kanskje utan å få fortent hyllest for det? Her vil vi ha tips og innspel frå folket!

Send oss kandidatar med ei lita grunngiving på e-post til arne.johansen@firdaposten.no, så har vi noko å snakke om neste veke også.

Podkasten finst på Spotify og på andre podkast-tenester. Og som vanleg kan du sjølvsagt høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken