Er det mogleg å bu i Florø utan å ha båt? Svaret får du (kanskje) i denne podcasten

PODCASTGJENGEN: Solkongen Arne Hjorth Johansen, med Fredrik Helland og Torgeir Halvorsen litt i skuggen.

PODCASTGJENGEN: Solkongen Arne Hjorth Johansen, med Fredrik Helland og Torgeir Halvorsen litt i skuggen.

DEL

PODCAST: Det er mange som seier at det ikkje er mogleg å bu i Florø utan å ha båt. Kva seier det i så fall om dei tre i vekas podcast-panel at ingen av dei har båt? Er det eit handikap? Er dei i det heile tatt ekte florøværingar? Korleis kjem dei seg gjennom kvardagen utan å ha båt og hav å sjå fram til?

Det er berre noko av det Torgeir Halvorsen, Fredrik Helland og Arne Hjorth Johansen snakkar om i denne vekas podcast.

Andre saker dei er innom denne gongen er mellom anna uthamna på Domba, kva yrkesgruppe som har mest, og minst, sex, og ikkje minst det store spørsmålet om kven som lager byens beste hamburgar. Er det framleis Dansken?!?

Panelet vil gjerne ha tips og innspel frå lyttarane. Kva bør dei snakke om? Er det noko dei bør teste ut? Er det spørsmål dei bør finne eit svar på? Ikkje nøl med å ta kontakt, det er ingen av dei som bit særleg hardt.

Podcasten høyrer du her:

Artikkeltags