Det er Vest politidistrikt som melder dette på Twitter.
– Klokka 19.15 er det meldt om nokre plater av ukjend type som har vorte tekne av vinden i Markegata. Mogleg platene stammer frå ein byggeplass, skriv dei.
Politiet er på staden og undersøkjer.
Det var isoporplater som vinden fekk tak i, og politiet meiner dei kjem frå byggeplassen til den nye barnehagen i Markegata.
Ingen kom til skade i hendinga.