Terningkast 5: YUMA SUN

Artikkelen er over 6 år gammel

”Romanza”

DEL

Prærierock frå Bergen? Ein kan seie mykje om Bergen, mykje prærie er der ikkje. Det blir nesten som surfrock frå Ulan Bator. Når eg høyrar ordet prærierock tenkar eg på tidleg Green On Red, tidleg Giant Sand og Gun Club. Pluss at ein finn spor frå The Dream Syndicate og garasjerock her. Yuma Sun er råe nok dei. Og til tider ganske kantete i lyden. Dei kan difor verke litt grå, men plata vinn seg litt når dei slepp laus melodiane. For eigentleg, eigentleg, fekk eg ikkje heilt foten for denne plata til å byrje med. Men nok ein gong blir eg lønna når plata får litt tid. Og tid har eg jo nok av. Så med litt tolmod byrjar detaljane å vise seg. Å høyre av seg. For dette er ei plate som godt kunne ha dukka på midten/slutten av 80-talet. Ei av dei mange platene frå den gongen som framleis står som nokre pålar.

Eg har eigentleg aldri skjønt det der med musikken sitt dårlege rykte frå 80-talet, men du måtte sannsynlegvis ha vore der?. Det blir uansett målt opp mot det som låg på hitlistene den gongen. Og då må du spørje deg sjølv om 90-talet var noko betre. Om 2000-talet var noko betre. Om dagens hitlister er noko betre. Akkurat.

Ingenting slår ein omveg. Denne plata leverer uansett mykje betre enn for nokre timar sidan. No byrjar den å gi meg frysningar. (Kanskje på tide å kle på seg, då. – Red).

Med litt skraping frå ein gitar opnar plata med ”Another Day”. Og takta viser at det er eit ekte cowboyband på gong. Som ikkje har noko med countrymusikk å gjere. Rå widescreen-gitarar. Litt surfrock lagt inn. Og stort kor som ligg og brusar i bakgrunnen. ”Old Swindler’s Blues” opnar spagettiwestern-aktig. Med plystring. Eller fløyting. Same det, dei finn uansett raskt stemninga. Med nokre usannsynleg tøffe hakkande gitarar på refrenga. Og mykje tøft gitarspel elles, også. Dei køyrer meir mot garasjerocksida på ”The Bethlem Cartel”. Og eg tar meg i å tenke kor variert denne plata eigentleg er. Ut av den tilsynelatande grå massen stig ei særs organisk plate. ”Dor Lavine” er rein blues. Med twang. Litt sånn der Link Wray. Og skrur du lyden høgt nok i hovudtelefonane høyrest det ut som om du sit inni gitarforsterkaren. Og pjokken på loftet tekstar meg og ber meg skru ned den j%&*a musikken. Det er det eg alltid har sagt, er det for høgt er du for gammal. Uansett, steintøft. Dei tek ein litt anna retning på ”Troubador”. Med ein rå akustisk gitar i opninga. Før resten av cowboyane hoppar opp og rir raskt mot solnedgangen. ”The Gold Coin Palace” roar det ned ein smule. Men framleis med twangy gitarar og fint aus. Ein herleg kjensle av halvtempo spagettirock. Som kan minne om australske Hoodoo Gurus, etter at dei kutta ut garasjerocken. Nydeleg kor. Neste låt, slit eg litt med, ”Empires” blir litt for postpunk for meg. Ikkje for det, det gjer meg eigentleg ikkje noko å høyre den. Dei karakteristiske gitarane er framleis til stades. ”Romanza” er attende på det vindskeive prærierocksporet. Støvet og stråballane fyk forbi i sakte kino. Med eit trykk i musikken som får deg og til på fyke i veg. Og når dei igjen roar ned på ”Echo Dela Mode”, og puttar litt strykarar inn i lydbiletet, leverer dei samstundes platas beste låt. Alt du har sett konturane av og opplevd tidlegare på plata, manifesterer seg i denne låten. God melodi, sterk vokal. Twangy gitarar og på toppen av alt; utsøkt strykearrangement. Det er nesten så dette burde vore avsluttinga på plata. Men vent, det er meir. ”Ten Thousand Stories” hiv seg igjen på bluessporet. Men med ein sterk melodi. Og det etter kvart karakteristiske koret. Og då er det klart for avsluttinga. Og ”Beyond” fyrar nok ein gong opp grillen i garasjen. Garasjerock altså. Med eit seigt mellomspel som igjen lokkar deg ut på den vidopne prærien. Og sakte, men sikkert bringar deg i sikkerheit mellom næraste klippeformasjon.

Til ein velfortent pust i bakken. Og den treng du. Dette er intense saker. Som viser at den norske rocken er suverent best på Vestlandet.

Artikkeltags