Terningkast 5: WILLIAM HUT

Artikkelen er over 4 år gammel

”April Sky”

DEL

Ganske nøyaktig 10 år etter William Hut, eller Willy Marhaug som han eigentleg heiter, si første countryinspirerte plate, "Days To Remember". Og som den gongen er det folk frå Boston. Massachusetts som står for produksjonen. Nærare bestemt Ducky Carlisle og Michael Dinallo. Men i motsetning til plata frå 2004, så held dei seg denne gongen på norsk jord. Den gongen oppsøkte dei studio og musikarar i Boston. Denne gongen er det omvendt, amerikanarane tok saman med Hut turen til Ocean Recording på Giske utanfor Ålesund. Ein etter kvart ganske så renommert innspelingsplass.

Når det gjeld musikken tykkjer eg eigentleg ikkje at gullstrupe frå Bergen byr på så veldig mykje countrymusikk. De går mest i musikken vi har blitt vande med på mannens seks tidlegare plater, låtane med mest smak av country er "Small Acts", "Another soul", "The Sound Of You", "Brookline City" (Spesielt denne) og "This Is My Mind". Utan at det bør skremme vekk dei som likte mannens tidlegare plater, "The Fall" går meir i bluessoul–retninga. Piano og strykarar er leiande element på "I Will Lay Me Down", så nydeleg som berre Marhaug kan gjere det. "Song For A Funeral" er det eg vil kalle standard William Hut. Og "The Downtown Train Is Running Late" er ein låt som Tom Petty kunne ha laga, 90-tals-Petty vel og merke. "April Sky" er igjen så nydeleg som berre Marhaug kan gjere det. Denne gongen med piano og trekkspel. Og den heile tida tilstadeverande bassen til Paul Inge Vikingstad, som dominerar heile plata utan at du legg merke til det.

Eg hadde eigentleg ”gløymt” William Hut. Men årets utgjeving viser at det var ein tabbe. Han er her sterkare enn nokon gong tidlegare.

Artikkeltags