Amerikanaren Will Hoge frå Nashville, Tennessee oppheld seg i området mellom Bruce Springsteen og Ryan Adams. Og han gjer ikkje skam på referansane.

«Draw The Curtains» er produsert av Ken Coomer, kjend frå Uncle Tupelo og Wilco, og samarbeidspartnar med mellom andre Steve Earle og Steve Forbert. Mannen har også fått med seg ein gjeng fine musikarar, Jerry Dale McFadden har spelt med Nanci Griffith, Jason & The Scorchers og Mavericks, Pat Buchanan har spelt med Marshall Crenshaw og Rodney Crowell, Reese Wynans har spelt med Joe Ely, Delbert McClinton og Lucinda Williams, Chris Carmichael har spelt med Steve Earle, Chuck Prophet og Todd Snider, Rami Jaffee som har spelt med Grant-Lee Buffalo, Joe Henry og Willie Nile, Dan Baird siom har spelt med Georgia Satellites, Bottle Rockets og Bill Loyd og til slutt: Pete Finney som har spelt med Bobby og Foster & Lloyd. (Wow! Der vakna nerden i meg (sjølv om dei som kjenner meg vil på stå at den aldri har sovna¿).

Sjølv om ein kan høyre alle dei nemnde artistane i musikken til Hoge, har han ei så særprega stemme at han ikkje druknar i alle referansane eg har ramsa opp. Dette, som er mannens fjerde utgjeving sia debuten «Carousel» i 2000, er ei oppvisning i låtskriving av ypparste klasse levert av ein særeigen vokalist. Det er nesten ufatteleg at artistar av Hoge sitt kaliber ikkje blir oppdaga av fleire, men har du sansen for dei artistane nemnd over, har du no sjansen til å gjere noko med det. Dette er faktisk ein av dei beste platene eg har høyrt i år .

Høgdepunkt: «Dirty Little War» og «Washed By The Water».