Etter å ha utvikla seg frå country via streit rock og popmusikk til eit meir eksperimenterande band på dei to føregåande platene «Yankee Hotell Foxtrot» og «A Ghost Is Born» er no tida inne for å snu kortstokken igjen, for ikkje å seie bilen. Jim O'Rourke, som stod som produsent på desse to platene, er no sett av. Og på vegen tilbake plukka dei opp Steely Dan og Crosby, Stills, Nash & Young.

Når det er sagt, så held innslaga av jazzrock på plata seg heldigvis til ein del gitarsoloar, spelt av ein av dei tre nye medlemmene i gruppa, Nels Cline. Men kor mykje eg enn måtte mislike førnemnde musikkstil, så er det ikkje tvil om at det tilfører musikken ein ny dimensjon. Det som også er nytt denne gongen er at bandleiar Jeff Tweedy har involvert heile bandet i låtskrivinga, i staden for å levere ei samling ferdige låtar til bandet. No har eg hatt denne plata i eit par månader allereie, Wilco har på sine tre siste utgjevingar fått som vane å lekke dei nye låtane på nettet, og første gongen eg høyrde gjennom plata syntest eg ikkje det var all verda. Men dess meir eg høyrer på ho, dess sterkare blir ho.

Plata er den mest lågmælte Wilco har laga. Det er ei blanding av alt: country (lite), 70-tals westcoast, folkrock, prog og fusion. Og den er eigentleg heilt fantastisk!

Høgdepunkta står i kø. Akkurat no er det «What Light», ein halvtempo folklåt og «Impossible Germany», ein poplåt av det lette og lysare slaget som har ei fantastisk stigning mot slutten, der gitarist Nels Cline verkeleg er i sitt ess.

Uansett korleis dei har arrangert låtane, så tvilar du ikkje eit sekund på at dette er Wilco, med Jeff Tweedys karakteristiske raspande stemme i forgrunnen.

Er du tidleg ute med å kjøpe plata, får du ein DVD med på kjøpet, men akkurat det er irrelevant. Denne plata er verdt sin pris og vel så det – uansett bonusmateriale eller ikkje.