Terningkast 6: WARM SODA

Artikkelen er over 6 år gammel

”Someone For You”

DEL

Dette er den beste kassetten som har komme ut i år. Kanskje den beste kassetten gitt ut dei siste 15 åra! Vent no litt, kassett? Ja, du leste riktig. Kassett. Det gamle utskjelte formatet har fått sin renessanse dei siste åra, og spesielt i år. Det har kanskje vore mest eit amerikansk fenomen. Då med Burger Records i spissen. Etter først å ha skaffa meg plata på vinyl, hadde eg ikkje noko anna val enn å kjøpe kassetten når den blei tilgjengeleg. $5 pluss frakt er uansett ikkje all verda. Kor mykje eg kjem til å spele den er ein annan sak..

Men uansett, denne plata er heilt fantastisk uansett kva format ein vel.

Warm Soda kjem frå Oakland i California, med vokalist og låtskrivar Mathew Melton i spissen. Og dei høyrest ut som ei blanding av The Strokes rundt ”Is This It” og powerpop. Med ein lyd som dreg det diskantfylde lydbiletet til før nemnde plate nesten ut i det ekstreme. Eg har høyrd vokal spelt inn gjennom ein megafon, her høyrest det nesten ut som heile plata er spelt inn på denne måten. Nesten.

Men når eg fekk vendt meg til den uvande lyden, dukka ein av dei mest fantastiske låtsamlingane eg har høyrt på ein stund. 12 låtar på under 28 minutt.

"Violent Blue" durar friskt i veg. Med energien til punken. "Someone For You" har ein ganske sukkeraktig melodi. Og tekst. Neste låt, "Jeanie Loves Pop", gjev oss ein dose av prototyp powerpop. ”Spell Bound” minnar om Iggy & The Stooges. Med pop melodi. Dei gjev seg i veg med glam-rock på "Strange As It Seems". "Waiting For Your Call" legg seg i gata til ”Is This It” og Melton liknar på Julian Casablancas. Dei ligg litt nærare britrocken på "Star Gazer". "Diamond Ring" har sylskarpe gitarar og orgel. Meir glam på "Only In Your Mind". Og Strokes for den del. "Busy Lizzy" er den låten eg forbind mest med bandet. Gitarane er det eg kallar erketypisk powerpop. Dei tek det etter forholda roleg på "Sour Grapes". Men alt er relativt. Kanskje litt meir variert og søkande. I den grad det kan gjerast på to og eit halvt minutt. ”Lola” avsluttar plata og er det ein kallar typisk powerpop. A la Paul Collins’ Beat, The Romantics og The Knack berre litt skarpare i lyden. Pur 78/79 powerpop.

Sjølvsagt er dette ei plate som høyrest ganske datert ut. Men eg finn den så sterk og utan nostalgi at det ikkje spelar nokon rolle.

Heilt suverent!

Kjøp her: Warm Soda.på Bandcamp

Artikkeltags