Terningkast 5: VIDAR VANG

Artikkelen er over 7 år gammel

”Sidewalk Silhouettes”

DEL

No var ”Sleepless Songs” frå 2010 ganske så nedpå. Men det hindrar ikkje mannen frå å ta det endå lengre ned. Årets plate blei eigentleg påbegynt for 10 år sidan. Og består tidvis av ikkje noko anna av skisser og tidlegare utgitt materiale i enklare versjonar. Med Vang si stemme og akustiske gitar i botnen. Krydra med produsent Cato Salsa med sine trommemaskiner og synthar. Ei setning som ser litt forferdeleg ut. Men berre slapp av. Det høyrest mykje betre ut enn den førre linja skulle tilseie. Fokuset her er uansett på Vang sine låtar. Og sjølv om eg likar dei opphavlege versjonane best (mellom anna ”The Chapman Autograph” frå ”Rodeo”), så lever desse låtane sitt eige liv her. Og står fram på ein god måte.

Nok ei sterk plate frå Vidar Vang.

Artikkeltags