Terningkast 5: VALERIE JUNE

Artikkelen er over 5 år gammel

"Pushin' Against a Stone"

DEL

Her er eg nok ein litt seint ute til festen, dette er amerikanske June si fjerde plate. Og den kom ut for eit halvt år sidan. Men festen er ikkje over. Og det er framleis kake igjen.

Ho har uansett laga ei særs variert og spanande plate. June kallar musikken sin for "organic moonshine roots music". Og er kanskje inne på noko. Legg til r’n’b og gospel så snakkar vi. Dan Auerbach frå The Black Keys har vore med og produsert plata. Og ho har ei rad meritterte musikarar i ryggen. Mellom anna Jimbo Mathus og Booker T. Jones. Og sjølvsagt Auerbach.

Musikken varierar som sagt kraftig. Frå det heilt enkle: ukulele-ballade med fele og orgel ("Somebody To Love"), berre gitar (”Twined & Twisted" og “Shotgun”), berre Dan Auerbach sin gitar og koring ("Trials, Troubles, Tribulations"). Det litt meir instrumenterte, men framleis ganske roleg: ("Tennessee Time" – gospel og "On My Way" - countryfolk). Og det meir utagerande: "Workin' Woman Blues" funky soul med ein heftig trompet, "The Hour" 60-talsinspirert med ei aning Amy Winehouse, det same på "Wanna Be On Your Mind" og "Pushin' Against A Stone". Men låten som tek det lengst ut er "You Can't Be Told". Framleis på 60-talet men med skikkeleg sting i gitarane.

Og nettopp den store variasjon, som til tider er nesten usannsynleg, gjer dette til ei plate med stor slitestyrke. Det tar i alle ei stund før eg går lei.

Artikkeltags