Terningkast 5: Ungdommens kulturmønstring

Artikkelen er over 5 år gammel

THE STRYPES ”Snapshot”

DEL

Tenk om eit band som dette hadde dukka opp på UKM. Dei kjem riktig nok frå feil stad, dei er irske. Men alderen har dei inne. Dei er mellom 16 og 18 år. Men der sluttar også all likskap. Dei spelar ein type musikk som er langt forbi si stordomstid. Blues og rhythm’n’blues. Og høyrest ut som om dei aldri har gjort anna. (det har dei sikkert ikkje heller). Stort sett sjølvskrive materiale, med gjennombrotssingelen "Blue Collar Jane" i spissen. Krydra med glimrande coverversjonar. "I'm A Hog For You Baby" gjort kjend av The Coasters, skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, "I Can Tell" av Bo Diddley, "You Can't Judge A Book By The Cover" av Willie Dixon og platas mest “moderne” coverversjon, Nick Lowe sin "Heart of the City" frå 1978. Alle låtar eg har høyrt i utallege versjonar. Men som blir levert her på ein sånn måte at dei ikkje står attende for tidlegare versjonar. Og når originallåtane her held ein så høg kvalitet som dei gjer og ikkje skil seg frå klassikarane, er det ikkje tvil om at The Strypes har levert eit produkt som kjem til å stå fjellstøtt lenge. Dei får meg til å tenke på tidleg Stones, gamle heltar som Nine Below Zero. Dr. Feelgood og Eddie & The Hotrods. I ein sylskarp utgåve. Dette er ikkje nostalgi, det er revitalisering.

Dei jobba tidleg i karrieren med Chris Difford frå Squeeze som produsent, han er kreditert på ein låt her. "You Can't Judge A Book By The Cover". Resten har Chris Thomas produsert. Mannen som produserte "Never Mind the Bollocks" av Sex Pistols og dei mest kjende platene til The Pretenders. For å nemne nokre. Han har også jobba for The Beatles og Pink Floyd.

Mildt sagt glimrande.

Artikkeltags