Terningkast 5: TWO COW GARAGE GÅR SOLO

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

MICAH SCHNABEL / SHANE SWEENEY

DEL

Eit av mine favorittband, Two Cow Garage, har gitt ut fem plater. Vokalist og gitarist Schnabel ga ut si andre soloplate seint i fjor, og bassist Sweeney debuterte samstundes. To eigentleg ganske forskjellige plater. Og to eigentleg ganske fantastiske plater.

MICAH SCHNABEL

”I’m Dead, Serious”

Schnabel solodebuterte i 2009 med den fine "When The Stage Lights Go Dim". Eit fint sidesprang frå det meir råare til Two Cow Garage. Med meir vekt på akustiske gitarar. Men musikalsk er det ikkje alltid ulikt moderbandet. Årets utgjeving gir oss meir av det same. Eit til tider vellydande lydbilde.

”Choir Boys” sit i så måte standarden. Ein fin, hoppande poplåt. Ikkje ulikt Paul Westerberg på sitt mest fokuserte. (Det er ikkje tvil om at sistnemnde har forvirra dei fleste dei siste åra 49. Og denne er faktisk ikkje den verste.) Han skrellar vekk alt på ”Blame It On Geography”. Og leverer ein rockelåt berre akkompagnert av ein kassegitar. ”Sid and Nancy” bringar tilbake dei elektriske gitarane. Men i ei vár utgåve. Den valdelege historia om Sid Vicious og Nancy Spungen blir fortalt på ein etter forholda kjenslevar måte. Vi er attende i lydbiletet på opningslåten på ”The Heavy Things”. Denne gongen med eit tydelegare piano og strykarar. ”Ex’s and O’s” opnar med piano, men tar etter kvart opp lyden frå førre låten. Han veit å utnytte strykarane. Men i balladeutgåve. Og den fine skakke vokalen frå Schnabel på toppen. Han stiller igjen naken på ”Burning in Water, Drowning in Flame”. Berre dekka av kassegitaren, igjen med ein rockelåt på repertoaret. ”I’m Dead, Serious” er også ein rockelåt. Og den som ligg tettest opp mot lydbildet til Two Cow Garage. Fullt trøkk i framføringa. Han tek ein sving på ”Bloodline Insanity”. Gitarane blir lagt vek til fordel for trommer, bass, piano og strykarar. Med passeleg høgt tempo. ”The Confessional” plukkar tilbake dei akustiske gitarane igjen. Og leverer nok ein rockelåt med fullt ensemble. Berre kassegitaren, stort sett, blir igjen på ”Zen and the Art of ”. Og som på resten av plata leverer han ein glimrande tekst. Denne gongen om å rote til livet sitt.”This is my Headstone” avsluttar plata og ligg nært rockcountryfolk. Den sluttar brått, men det har eg aldri lagt merke til. Eg har plata på repeat. Så før eg veit ordet av det er vi i gong igjen, og igjen, og igjen.

Kjøp her

SHANE SWEENEY

”The Finding Time”

Ein kan jo spørje seg korleis dette kan være bra. (Det er glimrande!) Utover innleving, lite imponerande teknikk i stemma. Eit i beste fall habilt gitarspel. Men så var det det totale biletet då. For dei to før nemnde faktorane kombinert med eit imponerande låtmateriale, gjør dette til dynamitt. Det høyrest berre tilsynelatande ikkje sånn ut.

Som andre medlem i Two Cow Garage er også Sweeney ute med soloplate. Si første. Og drar det endå lengre enn Schnabel. Her er det berre vokal og akustisk gitar. Utan at det gjer meg noko. Her manglar ingenting. Produsert av Branden Barnett frå Ghost Shirt og Sweeney sjølv. Og hjelp på bakgrunnsvokal frå Barnett, Schnabel og Todd May (May er ein artist du verkeleg bør legge deg i selen for å oppdage). Barnett produserte også plata til Schnabel.

”Legion” byrjar plata og set tona med Sweeney sin litt djupe stemme i front. Og han syng faktisk guddommeleg. Til å ikkje kunne synge så gjer han det satan så bra. Han speler litt raskare på ”When I Am Empty”. Ein låt som med fullt komp hadde gått rett inn på ei Two Cow Garage-plate. Men eg trur dei hadde hatt problem med å toppe denne versjonen. ”Some Hope, Somewhere” er ein meir tradisjonell singer/songwriter-låt. Men men han lar deg aldri slappe av. Syng igjen som ein gud. Meir av det same er ”Yeah, Tonight”. Om eg skreiv over at gitarspelet i beste fall er habilt, gjeld ikkje det underteikna sine øyro. Dei tre elementa denne plata består av blir lagt saman minst fem. ”The Owl” leverer i same lendet som opningslåten. Høyrar du desse to låtane i hovudtelefonar, sit han nett ved deg og spelar. Nesten forførande. (No må ikkje du byrje igjen! – Red.) Alle taktomslags mor får vi på ”Promised Land Blues”. Platas mest avsindige tekst som byrjar sånn:

”Well, God spoke down to Abraham, he said "Abe, look what I've done. I've made all these people, man, and no one's having fun. So you go kill your family and I'm gonna start a flood. And we'll both make sure our legacies are written in blood."

Og fortset å rote rundt i den gamle boka. Der dei mellom anna har telefonmøte. Han svingar også innom Martin Luther. Musikalsk er det punk på kassegitar. Ein genial låt. ”Hallelujah” er ikkje DEN låten. Heldigvis. Vel er Cohen-låten genial, men den treng kvile no. Nei, her er det singer/songwriteren som igjen tek grep. Ein nydeleg, var låt. Med lite hallelujahstemnng. Platas mest melodiøse låt heiter ”Try Agin Later”. Som med fullt band nok hadde vore ein ein halvtempo countryinfluert låt. Her er det berre nydleg. ”Motel Blues” er igjen heilt nedpå. Singer/songwriter. Der han prøver å få med seg ei dame på motelrommet. Med ein open slutt med rom for tolking. Den inderlege kjenslevare Sweeney dukkar opp igjen på ”SeeYou A Heaven”. Og han syng så nydeleg og intenst at håra reiser seg på armane. Fantastisk. ”Legion Reprise” blir etter dette ei lita nedtur. Men den varer under eit minutt, så skuffelsen blir kortvarig. Det er berre å starte på byrjinga igjen. Har du vinylen er det berre å snu plata.

Ei utruleg plate.

Kjøp her

Artikkeltags