No skal ikkje eg påstå at dette, gruppa sitt åttande studioalbum, er den beste Turbonegroplata eg har hørt, men det er den mest morosame. Ein kan vel trygt slå fast at om gutane har vore litt nedfor på dei siste utgjevingane, har dei denne gongen verkeleg sett lyset. Her snakkar vi om stor humor. Høyr berre på til dømes «Stroke The Shaft», «Every Body Loves A Chubby Dude» (songen for dei lett overvektige) og «What Is Rock?!» – den nesten 8 minuttar lange episke avslutningslåta der vi får vite kva som er rock og eit par ting som ikkje er det. Og som vanleg spelar dei på fordommane som du og eg har, dei utfordrar lyttaren.

Og om tekstane er glimrande, er ikkje musikken noko dårlegare, dei let til tider tyngre enn nokon gong. Eller for å sitere mannen som har miksa det heile: «som kaldt stål gjennom varmt lær». Denne mannen er ikkje nokon kven som helst, John Agnello har jobba med mellom anna The Hold Steady, Drive-By Truckers, My Midnight Creeps og Dinosaur Jr. Det let heile vegen typisk Turbonegro: Deathpunk, Stooges, AC/DC, tung, tung rock på øvste hylle

Samtidig leverer dei eit nydeleg, i Turbonegersamanheng, pustehol i form av låta «I Wanna Come». Sjekk gitarspelet! Det er for meg nok variasjon til at plata vil få eit lengre liv, og måten dei understrekar ordet latino lover med bruken av kastanjettar på «Do You Do You Dig Destruction», er bortimot genial. Små detaljar, men verknadsfulle.

Og der «Party Animals» mangla ein del når det gjaldt låtmateriale, held denne plata heile vegen. I tillegg til før nemnde «I Wanna Come» kan ein nemne «Boys From Nowhere», singelen «Do You Do You Dig Destruction» som har vakse sia første gongen eg høyrde den, «Stroke The Shaft» og «Every Body Loves A Chubby Dude».

Som vanleg er Knut «Euroboy» Schreiner sitt gitarspel noko av det beste ein får i dag, her snakkar vi om ein virtuos gitarist som veit når han skal briljere, og når han skal roe det heile ned. Hank Von Helvete er ein avgrensa vokalist, men likevel veldig riktig i dette bandet, enten han no er seg sjølv eller fraserer som Johnny Rotten i «You Must Bleed/All Night Long».

Og for å gå tilbake til byrjinga: Om ikkje dette er bandets beste plate, er det ikkje langt i frå, dette er rett og slett glimrande. For å sitere hjernen i bandet, Happy Tom: «Dei fleste band startar som eit opprør og endar som ein parodi. Vi starta som ein parodi og enda opp som ein revolusjon!».