Terningkast 5: TRANSFIGURED NIGHT

Artikkelen er over 6 år gammel

”Transfigured Night”

DEL

Al DeLoner, eller Atle Byström som han eigentleg heiter, har ein imponerande karriere bak seg. Fem soloalbum, fem studioalbum og eit konsertalbum med Midnight Choir. Eit album saman med Chris Eckman, frå The Walkabouts, under namnet Höst. Og no Transfigured Night. Eit band der han har fått med seg Rikke Knutsen som vokalist.

Og bortsett frå det sistnemnde, er det ikkje så ulikt det DeLoner har gjort tidlegare. Det er i americana-land. I ei litt mørk og mollstemd utgåve. Utgangspunktet er vokal, gitar, bass og trommer. Med visse danderingar undervegs.

"Hey Mr. Bartender" opnar utan dei alt for store faktene. Ein dvelande halvtempo låt.

Litt lysare og raskarar e på "Madness". Meir melodi og gitarar i fleire valørar lurande i understraumane.

"Time Watch Over" senkar tempoet igjen, samstundes som dei opnar opp lydlandskapet med piano og fint gitarspel. Og prikken over i-en er den fine fløytesoloen. Og sjølvsagt den gode melodien.

Dei dreg tempoet heilt ned på "Postman Cheval". Samstundes som dei gjer det mørkare. Ein roleg låt med ein til tider syra gitar som toppkrydder. Som aukar og senkar i intensitet. Platas lengste låt blir ganske dronete etter kvart. Og høyrast nesten ut som ein jam.

"Losing Parade" er meir konvensjonell i uttrykket. Med pianoet som leiande instrument. Løfta etter kvart opp av DeLoner sine avmålte gitarkaskadar.

Melodica er ikkje eit instrument ein høyrer for ofte, men det er nettopp det som opnar og blir brukt undervegs i "Human Nail Soup". Usmakeleg teksttittel til tross, nok ein sterk melodiøs låt. Av det litt lysare slaget.

"Voice of Burden" dreg for gardinene igjen. Litt halvtempo, dvelande på versa. Med berre grunnbesetninga tilsatt litt perkusjon her og der. Og etter kvart ein trompet som fyller ut. Og duellerar med gitaren mot slutten.

Litt lysare og meir opent blir det på "Coming Down". Ein roleg låt, med litt småfunky gitar som livar opp.

"After the Flood" aukar tempoet igjen. Men framleis litt mørkt og dvelande. Mykje fint gitarspel, og kanskje DeLoner leikar litt med celloen inni der? Knutsen dreg etter kvart fram fløyta si. Og etter kvart køyrar dei opp intensiteten og lar det stå til. Veldig fint.

Dei avsluttar i det rolege hjørnet på "White Wood". Berre piano og vokal. Nesten litt Carole King/Joni Mitchell. Og berre heilt nydeleg. Ei roleg og var avslutting på ei flott plate.

For det har det sanneleg blitt. Ikkje den enklaste plata å komme inn i sånn med ein gong. Til liks med DeLoner sin førre soloplate, "Itchy and the Girl Dancing" frå 2010, trengde eg litt tid for å få ho under huda. Men i begge tilfelle er det vel verdt det.

Denne plata er ikkje heilt ny, men 24. mai kjem ei digital dobbelutgåve av albumet med heile 10 bonusspor.

Artikkeltags