Her kjem stadfestinga på at norsk på norsk på mange måtar er best. Tekstar med eit sosialt engasjement som ikkje står tilbake for Woodie Guthrie, Joan Baez, Erik Bye og Alf Prøysen, levert på ei lyrisk, melodiøs måte med ein nydeleg dialekt. Det er så elegant utført at ein ikkje føler at dette er predikering eller agitasjon.
Og det er før eg har nemnd melodiane.
Ei norskspråkleg plate har faktisk ikkje treft meg så hardt som denne sidan eg høyrde ”Luring” av Odd Nordstoga i 2004. Og ”Tove Bøygard” står ikkje attende for førstnemnde.
Tove Bøygard var før denne plata eit for meg ubeskrive blad, men ho har to utgjevingar bak seg saman med søstera Anita i duoen Bøygard. I tillegg har ho ei fortid i Blitz-bandet Perler For Svin (pønk), ho var med på Jokke-tributtplata ”Det Beste Til Meg Og Mine Venner” i bandet Pearly Catz og som korist med Jan Dahlen & The Shotgun Riders på plata ” Love And Affection”.
Ho reiste allereie som 17-åring til USA og jobba på hesteranch (er det her ho har countrymusikkinspirasjonen frå?), jobba i AUF etter returen til Noreg som fylkessekretær, kom inn på fylkestinget i Buskerud som 21-åring og sat i sentralstyret til AUF. Etter dette har ho jobba gatenært, med mellom anna prostituerte og stoffmisbrukarar, i forskjellige samanhengar i 18 år. Difor er det lett å skjøne kvifor ho skriv dei tekstane ho gjer.
I tillegg til det sosiale engasjementet har ei sterk tilknyting til heimgrenda Skrindo, øvst i Votndalen i Ål. Eg skjønar ut i frå dei inderlige tekstane at dette må være ein fantastisk plass.
Og det ei hyllingslåt til heimstaden som hogg tak i deg når plata byrjar, ”Heim Att Te Skrindo” ligg på mange måtar i landskapet til Rolling Stones sin ”Beast Of Burden”. Med gitarmaestro Geir Sundstøl i spissen, som på denne plata verkeleg får vist seg fram i heile sin breidde.
”Nederst Ved Bordet” er ein song til dei som aldri gjer så mykje av seg, men som likevel ikkje må gløymast. Før det er for seint. Ei nydeleg vise med eit fantastisk munnspel av Sundstøl.
Steelgitar opnar ”Du Skulle Ha Visst”, ei countryballade i Little Feat-land som viser at Bøygard kan skrive nydelege tekstar om kjærleiken som glapp.
”Stille Elv” er også av rolege slaget og handlar om kor viktig det er å få vere for seg sjølv, ta seg inn att. Med Olav Luksengård Mjelva sin hardingfele i botnen.
Situasjonen til palestinarar i Jerusalem, flyktningar frå Afghanistan og ei hylling av Barack Obama er temaet i ”Era Me Mange?”, nok ein nydeleg låt denne gongen i eit halvtempo med Sundstøl på akustisk gitar, mandolin og banjo.
”Joni” er lett å skjøne temaet i, men staden for å absolutt skulle låte som Joni Mitchell og sidan nekte på det (som visse andre gjer..) skriv ho like godt ein låt som handlar om ho. Og OK, dette kunne vore ei Joni Mitchell-låt.
Neste låta, ”Langt Te Kongo, var for meg den største overraskinga i byrjinga. At nokon skulle klare å lage ei så fengjande låt med eit så alvorleg tema kan eg ikkje seie at eg så for meg, du sit vekselvis og trampar takta og knyt deg grunna tekstens innhald. At låten hadde eit så alvorleg innhald oppdaga eg ikkje før eg hadde høyrt ho nokre gongar. Forferdeleg, ja, men kanskje platas mest elegant utførte og beste låt.
”I Slutten Tå Mai” er temaet nok ein gong ei kjærleikshistorie som stoppa alt for brått, tonesett som ei blanding av ”Comin’ Down In The Rain” og Tom Russell sin ”One And One”. Og tematisk ganske lik sistnemnde.
Kor viktig det er ta sjansen når ein kan og ikkje vente til det er for seint er temaet på ”White Rose Bar”. Og er låten med den sterkaste dragninga mot countrymusikk, som samtidig beviser at munnharpe er eit glimrande instrument i sjangeren. Samspelet med fela er rett og slett gnistrande.
”Alle Ting Kan Snu” er platas nydelegaste låt, ein ballade som godt kunne vore levert av Emmylou Harris eller Nanci Griffith. Tematisk handlar det igjen om kjærleik, ikkje sjølvbiografisk denne gongen. Men ein observasjon om at kjærleiken kjenner ingen alder, det er aldri for seint.
Kjærleik er også temaet på ”Vinterspigjil”, men av det slaget samfunnet så alt for lenge har oppfatta som forbode. Ein gamal mann som heile livet venta på kjærleiken som aldri kom før det var for seint. Ei låt som musikalsk faktisk minnar meg om Kari Bremnes og Halfdan Sivertsen på mest melodiøse og velskrivne.
”Haust Willie” er ein hylling til Willie Nelson og hausten. Og lengselen etter å reise til ein annan stad. Med platas mest inderlege og lågmælte tonefølgje, ei sterk avslutning på ei knallsterk plate.
Om dette ikkje er årets beste plate for meg i desember, ligg den garantert| blant dei tre første.
Plata er innspelt og produsert av Lars Lien (HGH, Elisabeth Andreasson, Popium, Motopsycho) i Larsville Studios i Stugudalen, og det har han gjort heilt glimrande.