Terningkast 5: TOM ROGER AADLAND

Artikkelen er over 6 år gammel

”Fløyel & Stål”

DEL

Det kan verke som om Rogaland den siste tida verkeleg har tatt tak, innan det norske viserocksegmentet. Først Tønes og no Tom Roger Aadland.

På si fjerde plate fortset han den fine trenden frå ”Det Du Aldri Sa” frå 2011. Viserock, singer/songwriter eller kva du måtte kalle det. Fine fengjande melodiar som festar seg lett.

”Min Beste Ven På Ein Dårleg Dag” med sin slidegitar og orgel-intro set i så tilfelle standarden. Og ein tekst på nynorsk avlevert med Aadland sin fine stemme. Ein kjærleikstekst nord for normalen når det gjeld kvalitet. Tilsynelatande meir banal og enkel er han på ”Eg Veit (Ingenting). Litt rolegare enn den uptempo opnaren. Men Aadland har eit handlag med orda som gjer at den ikkje blir det. ”Det Står Ei Kvinne Bakom Alt” byr på eit tempo mellom dei to første låtane. Med eit etter kvart smygande og fint orgel. Og ein fin gitar- og felesolo. Han senkar tempoet heilt ned på ”Skuggane”. Ein vestkyst-låt. Av det inderlege slaget. Igjen med nydeleg bruk av orgel. ”Lengta og Drøymt” er låten her som ligg nærast rocken. Men framleis like kjenslevar. For Aadland er ikkje nokon rockar. Sjølv om det ligg eit snev av Stones i gitarspelet. Heilt nede med stort sett berre ein akustisk gitar er ”Kva Bryr Det Meg?”. Platas rolegaste spor med etter kvart fine strykarar. Og nok ein nydeleg tekst. (Pokker heller, alt her er eigentleg nydeleg og elegant gjort.) ”Smilefjes” byr på countryblues. Og glir fint inn i den store heilskapen. Familielikskapen med opningslåten er stor på ”Kjærleik Sette Oss Fri”. Og begge kan vel trygt seiast å vere i slekt med Ulf Lundell. ”Einsam Vandrar” byr på gåande countrymusikk. Og jammen dreg dei ikkje fram dobroen og banjoen, og. Veldig fint. Slidegitaren opnar ”Skulle Kledd Deg i Silke”. Nok ein fin halvtempo melodi. Der også munnspelet blir dradd fram på soloen. ”Song Gjennom Natta” ligg nærare bluesen med fint banjo- og orgelspel. Og sånn går no plata fram mot slutten. Nærare bestemt ”Då Eg Såg Deg Sist”. Fem minuttar rein nyting. Og platas beste låt. Ein inderleg kjenslevar halvtempo låt. Med ein nydeleg slidegitar lurande i bakgrunnen.

Med si fjerde plate fortset Aadland å levere varane. Og innfrir det som måtte finnast av forventningar.

Artikkeltags