Terningkast 5: TOM ROGER AADLAND

Artikkelen er over 8 år gammel

”Det du Aldri Sa”

DEL

Aadland slår til igjen etter den fine Bob Dylan-utgjevinga frå 2009. Denne gongen med litt svakare materiale. Skulle ein tru.

Men saka er at Aadland ikkje treng hjelp frå andre låtskrivarar for å lage ei sterk plate. No har han spElt inn Waterboys sin ”Fisherman’s Blues” her. Men det er faktisk ein av dei mindre interessante låtane her. No skal eg ikkje påstå at Dylan blir overgått her. Men låtskrivaren Aadland står meir enn stødig på eigne bein. Sjølv om det er lett å trekke samanlikningar til andre artistar.

”Fall for deg for alvor” som byrjar plata kan minne om Ulf Lundell. I heile si halvtempo prakt. Som ein del andre låtar her. Og i mine øyro er det positivt. Heilt roleg blir det på ”Det du aldri sa”. Litt slentrande country- og svakt irskinspirert. Med ei fin fele og roleg mandolin i botnen. ”Tyngde og Lette” er litt tyngre med sitt brusande orgel og fine korsong frå Linn Frøkedal (The Low Frequency in Stereo og The Megaphonic Thrift). Tyngre utan å heve tempoet nemneverdig. Ein sakte, dvelande og intens låt. Med mykje god lyd. Litt høgre tempo leverer han på ”Støyande Hjarte”. Ein låt med ekko av Dylan frå 70-talet. Igjen med eit nydeleg orgel som ein av hovudingrediensane. ”Fiskarmanns Blues” er platas einaste coverversjon. Og dei leverer Waterboys-låten i ein versjon som er rimeleg tru mot originalen. Gjerne litt meir avdempa. Ikkje platas beste augneblink. Men det er jo alltid tøft å høyre kjende låtar i nynorske versjonar. Endå meir maritimt blir det på ”Skipet Mitt”. Men denne gongen meir mot bluesen. Rimeleg intens og malande sjølv utan innslag av trommar i nemneverdig grad. ”Om du kjem over” fortset i bluesgata. Som tidleg elektrisk Dylan i bluesmodus. Og denne gongen med slagverk tydeleg til stades. Saman med munnspel, piano og slidegitar. Verkeleg nydeleg blir det på ”Som det var i går”. Ein roleg ballade som Lundell kunne vore stolt av. Ein ballade med litt tak i tempoet. Utan å forstyrre stemninga. Og endå ein gong med nydeleg duettvokal frå Linn Frøkedal. ”Om du står fast ved det du sa” senkar tempoet heilt ned. Endå ein gong med nydeleg orgel. Med fele og dobro som gode følgjesveinar. Linn Frøkedal syng igjen nydeleg saman med Aadland. Avsluttinga blir gjort litt raskare med ”Postkort i oktober”. Utan å eigentleg å avvike frå formelen på resten av plata. Det går fortare, ja. Men likevel er det fint og lunt. Og igjen anar ein Lundell vakande under.

At Aadland igjen leverer er det ikkje tvil om. Og eg trur faktisk denne plata vil eit lengre liv enn coverplata frå i fjor. Plater med sterke sjølvskrivne låtar plar gjere det. Leve lenge altså.

Artikkeltags