Terningkast 5: TODD FARRELL

Artikkelen er over 6 år gammel

"Where Fake Cowboys Go to Drink"

DEL

Som 16-åring hadde Todd eitt mål i livet. Han skulle bli heavy metal-gitarist. Han spelte i band inspirert av mellom anna Metallica og Iron Maiden, som spelte på den lokale klubbscena. Men i løpet av 2008 trefte finanskrisa. Han opplevde samlivsbrot, og kanskje viktigast: Han oppdaga ”Decoration Day” med Drive-By Truckers. Han fann ut at det einaste han hadde hatt som mål med spelinga var å imponere andre. DBT fekk han til å innsjå at det var heilt feil.

Todd Farrell jobbar som teknikar og studiomusikar i Nashville og har jobba med både store og små artistar. Samstundes som han inn i mellom jobba med eige materiale.

Men han skulle aldri gi ut ei eiga plate, i alle fall ikkje synge på ei plate. Han spelte alt sjølv, og gjorde det berre for moro skuld. Men det eine førte til det andre. Innspelingane lakk ut. Og han følte at han ikkje hadde noko val. Han måtte gi det ut.

Det var ikkje det verste han kunne ha gjort.

”Take It Slow” opnar ganske så rykande. Som ei blanding av Drive-By Truckers og The Beat Famers. Skinande countryinfisert hard rock. Han fortset i same sporet på ”Black Lab (Dog Days)”. Med litt av tyngda frå ungdomstida i botnen, men som aldri får sjansen til å ta over. Han held dyret hardt i taumane. ”Pocketfull Of Rainchecks” endrar heile plata. Her er han heilt nedpå tempomessig. Men lydbildet er stort og dynamisk. Frå elektriske utblåsingar, til meir rolege parti. Med akustiske gitarar i botnen. Og til å være uvillig vokalist, klarar han seg meir enn godkjent. Endringane fortset på ”Ain’t My Year”. Låten med tekstlinja som har gitt tittel til plata. Låten byrjar rimeleg tilbakehaldande. Trommene består av kantslag på skarptomma frå eitt til det har gått nesten to minutt. Då eksploderer låten. Og han slepp laus alt han har halde igjen i byrjinga. Vokalen er her den beste på plata. Han har ein sånn knekk i stemma som gjør det heilt uimotståeleg. ”Hey Julie” minnar meg om at mykje av gitarspelet her liknar på Mike Campbell frå Tom Petty and The Heartbreakers. Og sjølve låten minnar om Gainesville-rockarane, om enn litt tyngre. Men med same meloditefta. Til å avslutte plata har han vald ”Amanda, I’m Sorry”. Ein nesten sju minutt lang kraftballade. Der han hentar ut gitarhelten i seg, utan å overdrive. Han gjer ingenting som overskuggar låten. Med piano og hammondorgel. Og fin melodi og stort kor mot slutten. Ein ganske roleg, men likevel bombastisk avslutting på ei plate der einaste ankepunktet er at den er for kort. Den hadde stått seg godt med fire låtar til.

Men, men. Vi får håpe at Farrell får meir daudtid i studioet frametter. Sånn at han kan utvikle den glimrande solokarrieren han har starta her.

Kjøp her:

eller

her:

Artikkeltags