Terningkast 5: THINKERBELL

Artikkelen er over 8 år gammel

"2"

DEL

Nokre oppfølgjarar tek lengre tid enn andre. I dette tilfelle nesten 12 år. Men i nokre tilfelle er det vel rett og slett ikkje tid. Både Jørn Christensen og Vibeke Saugestad har hatt meir enn nok å gjere på kvar sin kant. Christensen som medlem av CC Cowboys og produsent. Saugestad med ein solokarriere som har resultert i tre plater. Og medlem av banda The Yum Yums og The Twistaroos. Også banda har gitt ut plater. Og turnert en del, spesielt i utlandet. Men det er uansett fint at dei no har funne tid til å gi ut ei ny plate. Ei plate som skil seg ut sterkt frå det opphavspersonane driv med til vanleg. I alle fall i Saugestad sitt tilfelle. Her er ikkje mykje teikn til powerpopen og primalrocken ho driv med til vanleg.

Her snakkar vi om vellydande westcoast-soulpop. Som kan minne om den britiske artisten Rumer, som stod bak ei av fjorårets beste plater. Utan på nokon måte å gå ho i næringa. Saugestad har ei særprega stemme som er lett å kjenne igjen. Og saman med det fine behagelege lydbiletet og dei sterke låtane er ”2” med på å stadfeste stillinga til Saugestad som ein av våre sterkaste kvinnelege artistar.

For dei sterke låtane står formeleg i kø her. Men det er også ei plate med ein særs sterk heilskap. Dette er eit album er ei nyting å høyre i eitt. Detaljane og låtane blir til saman sterkare som plate. Enn nettopp dei enkelte detaljane.

Anbefalast!

Artikkeltags