Terningkast 6: THE YUM YUMS

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

”Like Good Music!”

DEL

Endeleg er The Yum Yums og Morten Henriksen attende. Og så seier eg berre: Håpar det blir like godt for deg som det er for meg. Dette er kanskje verdas beste powerpop-orkester. Ikkje meir, ikkje mindre.

Dei opnar med ein programerklæring for plata, "Gonna Have A Good Time". Og då forventar eg supertøffe gitarar og fengjande melodiar. Utan djupe tekstar som forstyrrar opplevinga.

”Too Much Of A Good Thing" tek til liks med opninga vare på den opplevinga. Ikkje noko skremmande så langt. Alt er bere rosa og fint. Det fortset på "I Like Good Music". Ein tekst eg kan stille meg heilhjarta bak. Med dei første glimta av glamrock, med ein i denne samanhengen roleg låt. Og om Henriksen nokon har spelt inn ein låt som minnar om Electric Light Orchestra, er det denne.

Men så skjer det noko, no kjem det tre låtar med ei heilt anna sinnstemning enn det Henriksen nokon gong tidlegare har servert oss. Musikalsk læt det likt. Men her leverer han plutseleg lyrikk som betyr noko. No veit eg kva som har skjedd, med dette er ikkje Se og Hør. Så finn det ut sjølv.

"It Must Be Love" harvar i veg i 110 med tekstlinjer som "It Must Be Love, that makes me hate you so”. Det må være eit endetidsteikn at eg byrjar lytte til og analysere tekstane til Henriksen. Men musikalsk er det same geniale formelen.

Same tekstinnhald på "I'm In Love (With Not Being In Love With You)". Med eit heilt glimrande farfisaorgel og storveies koring. Og tekstlinjer som "Love is something I'm all into be out of".

"Just Friends" fortel at alt er over og berre vennskap ikkje er aktuelt. All or nothing baby, med eit klassisk The Yum Yums-tonefølgje.

Desse tre låtane saman med avsluttinga, ”Bye Bye Baby” (Som startar som ein Eagles-låt), plasserar denne plata i kategorien avskilsplater. Som til dømes ”Shoot Out The Lights” og "Here, My Dear". Berre i ei litt meir frenetisk utgåve.

"All I Wanna Do" finner uansett den godaste Henriksen attende på hesteryggen. Den sleske, kvinnejagande kjærleiksmaskinen. ”All I wanna do is you!”. Og musikken? Sylskarpe gitarar, orgel og fantastisk koring.

Same karen er til stades på "And A Whole Lotta You". Låten høyrest ut som ei blanding av The Four Tops og Ramones. Og fortel om eit besøk i godtebutikken. På ein passeleg søt og slesk måte.

“There's a sweet young thing behind the counter

I'm always open for a brief encounter”.

"Let's Go Baby" høyrest ut som ei blanding av The Beach Boys og Ramones. I 120 kilometer i timen.

Ei The Yum Yums-plate utan glamtendensar er ikkje riktig, "Do Ya, Do Ya, Do Ya" sørgjer for å ta vare på desse. Til dei gradar. Her det ikkje berre glimt, her er det all in.

"Good Thing Going" og ”Yummy Love” kan best karakteriserast son poppunk. Fint, røft lydbilete med glimrande melodi. Den sistnemnde med orgelet i fronten og allsong på refrenga.

Avsluttinga er den før nemnde avskilslåten ”Bye Bye Baby”. Som nemnd over med ei akustisk byrjing verdig Eagles. Men resten minnar ikkje mykje om Eagles, bortsett då frå harmoniane. Som er platas mest gjennomarbeida. Trur jaggu det er eit piano langt inni lydbiletet ein stad, og. Sjølv om låten på overflata høyrast ut som resten her, finn eg den likevel annleis. Det verkar som om Henriksen er letta og kan gå vidare.

Men alt i alt, problem eller ikkje. Henriksen og The Yum Yums leverar som vanleg produkt av høg kvalitet.

Artikkeltags