Terningkast 6: THE YUM YUMS

Artikkelen er over 8 år gammel

”?Whatever Rhymes With Baby”

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

The Yum Yums er vel strengt tatt Morten Henriksen med backingband, Mossingen som har køyrt innom det som finnest av musikksjangrar å bry seg om sia 70-talet. Vi snakkar om pønk (Stroyers), hardcorepønk (Siste Dagers Helvete), alt. country (før ordet var oppfunne, Dollsquad, der han slutta etter å ha spela inn eit heilt glimrande gitarpålegg på låten ”Same Old Something” av di han tykte det let forferdeleg), postpønk (The Joyfull Tears), garasjerock (Cosmic Dropouts) og powerpop (The Yum Yums).

Alt saman gjort med ei innsikt og forståing for det han driv med.

Årets utgjeving er ikkje noko unntak og er den sterkaste han har sett namnet sitt på så langt.

Plata består av ei rad fengande låtar, vi snakkar pop med stor P. Det er heva over ein kvar tvil at The Yum Yums ikkje har likeverdige her til lands, av og til lurer eg på om dei finnest i det heile tatt nokon stad i verda.

Frå opninga ”I Wanna Be The One”, som blandar The Ramones og Beach Boys (definisjonen på powerpop) så går det slag i slag. Ikkje nokre balladar, flat pedal heile vegen. ”Too Good To Be True” som følgjer, er den beste låten Fountains Of Wayne ikkje har skrive, men godt kunne. På tredjelåta ”I Lied” blir vi introdusert for orgelet og koringa til Vibeke Saugestad som også er medlem her. The Ramones tar seg ein tur innom igjen saman med The Rivieras på ”If I Ever See You Again”, på ”Anytime At All” leverer dei ei låt som ville gjort Green Day enno grønare av misunning.

Og sånn berre fortset det, dette er den beste powerpopplata eg har høyrt på det eg kan hugse. Og eg har høyrt ein del.

Tekstane er eit eige kapittel, dei er som det sømer seg på ei plate innan denne sjangeren. Det vil seie at det er ikkje akkurat Pullitzer-pris materiale her, med eit stort innslag av orda baby og rock’n’roll er det lett å sjå slektskapen til The Ramones og andre likesinna. Dei siterer og The Archies og ”Sugar Sugar” på ”Sugar Rush”, og Slade på ”Let’s Rock And Roll”. Heilt glitrande.

På den amerikanske utgåva som eg sit med er det også to bonuslåtar spelt inn live, den eine er ”Eartquake Song” av The Little Girls. Ein litt obskur pønkelåt, som eg har på ei litt obskur samleplate gitt ut i 1981. Men ikkje meir obskurt enn at gruppa kjem på scena og syng låten saman med The Yum Yums under ein konsert i New York i 2007.

Alt i alt er dette ei fantastisk plate, ikkje så lett å få tak i her til lands. Men desto lettare her: www.popdetective.com

Artikkeltags