Terningkast 5: THE VIOLENT YEARS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Trying To Get Over”

DEL

No vil eg berre seie med ein gong at eg ikkje høyrer så mykje til referansane Mandals-bandet listar opp. Sixteen Horsepower, manglar banjo. Nick Cave, ikkje mørkt nok. Det blir rett og slett for lyst og fint. Sjølv om det kanskje ikkje var meininga. Men den uttalte alt.country-inspirasjonen skin gjennom titt og ofte. Og tru heller ikkje at dette blir triveleg. Om overflata ikkje nødvendigvis evnar å skremme, ligg det ein skarp kant under.

Plata er prega av mykje piano og gitarar i forskjellige valørar. Og somme tider blåsarar, som etter mitt skjøn blir brukt for lite. Men det kjem eg attende til (Ja, du gjer vel det – Red.)

”There’s a Change” opnar plata. Halvfriskt tempo. Akustiske gitarar støtta opp etter kvart av elektriske. Eit solid, ikkje for tungt, lydbilete. Med eit piano som kjem inn først etter første refrenget. Og fortset å bygge seg opp til platas zen-augneblink. Måten blåsarane høgg inn etter andre refrenget er berre magisk. Låten blir ståande igjen som ei opning som er nærast umogleg å følgje opp. Det klarar dei heldigvis. Men platas høgdepunkt kom fort. Dei roar det ned att på ”Roll Over”. Meir piano og ein glidande slide-aktig gitar. Med nok ein gong nydeleg vokal, noko som går gjennom heile plata. ”The Wind” fortset i eit fint, behageleg country/vestkyst-landskap. Ein låt som snik seg fint under huda på deg. Og blir der. Dei entrar for første gongen countrysjangeren med ”Copper and Gold”. Framleis ikkje triveleg, men høg feelgood-faktor. ”Loving Man” er meir utriveleg og rå. Ein slags skakkøyrt countryvals. Med snert i vokalen. Og dei kan faktisk minne om Sparks om du kan sjå for deg det. Meir country byr ”Frank” på. Av det kjappe og meir gitardrivne slaget. Som jagar deg frametter. ”Trying To Get Over” skil seg ut å den måten at den er platas mest episke, malande og breibeinte låt. Med keyboards og store malande widescreen-gitarar. Som malar, men ikkje kvelar. Samstundes er den passande nok med sine nesten åtte minuttars lengde, platas lengste låt. Og magnum opus. Då er det ganske passande å roe det heilt ned med ”Sinister”. Stort sett berre piano og nydeleg vokal. Med ein smakfull gitar eller to snikande i bakgrunnen. ”Judy” ristar litt liv i leiren igjen. Meir aggressive gitarar og tøffare vokal. Utan å ta det så veldig langt frå malen til plata. Dei tek opp litt av tråden frå tittelsporet på ”Unsafe”. Ikkje så langt, men tidvis like intenst og malande. ”Love is A Deadly Thing” er, om ikkje daud, meir sedat. Stort sett piano og vokal. Slepande frametter. Og veldig fin. Det er også ”John and Mary Anderson”. Ei mørk sak med akustisk gitar, strykarar og etter kvart pianoet i hovudrolla. Platas mest gjennomførte mørke låt. Og ei fin avslutting på ei god plate.

Som eg har spelt veldig mykje i det siste.

Den finnest i tillegg til CD på dobbel vinyl.

Artikkeltags