Ganske merkeleg dette her. Eg og mange med meg har nok etter kvart fått ei kjensle av at jula blir skyvd lenger og lenger fram for at den skal vare lenger. Det blir nok ikkje lenge til vi vil sjå dei første juleutstillingane i august.
Men at Jim Stärk no prøver å gjere det same med sommaren, er nok litt meir overraskande.
På sitt tredje album og oppfølgjer til hit-EP’en ”Morning Songs” reindyrkar vokalist og låtskrivar Einar Stokke Fadnes det vellykka westcoast-soundet saman med resten av bandet, som sidan sist er redusert til ein trio.
Og at dette er ei sommarplate er det ikkje tvil om. Gjennom lydbilde og framføring høyrer vi ein inspirasjon av Jackson Browne, James Taylor og Eagles, levert i eit elegant og vakkert lydbilde.
At den er innspelt i Tsjekkia i den mørke årstida, forandrar ingen ting.
Som sist gong er det Kjetil Draugedalen som har produsert, og han har saman med bl.a. Øystein Ribe fra Number Seven Deli også hjelpt til musikalsk.
Frå før har vi høyrt hitane ”Morning Song” og ”The Word That Makes You Sing”, men vi kan òg trekke fram ”You Know Better” og ”Don’t Stop”. Og eigentleg dei fleste andre låtane, for det er svært høg kvalitet gjennom heile plata.
Og vi kan trygt slå fast at det som EP’en lovar, her blir levert i full monn.
Formidabelt!