Terningkast 5: THE ROYALTIES

Artikkelen er over 5 år gammel

”The Last Royalties”

DEL

Tommy Haltbakk og kompani er laus igjen, med si fjerde plate. Og til liks med førre plata, ”The New Royalties”, har dei gjort personellforandringar frå den føregåande plata. Berre litt, men med store soniske konsekvensar.

The Royalties har sakte forandra seg frå debuten i 2007. Etter å ha kutta ut blåsarrekka heilt på førre plata og gått i ei meir variert retning, leverte dei med den si beste plate. Dei gjer også forandringar her og leverer eigentleg ei like sterk plate. Forandringa på personellsida denne gongen er tillegget av Asbjørn Søyseth. Han spelar Hammond-orgel. Og dominerer store delar av plata.

Forandringa manifesterer seg allereie på opningslåten, "Jämtländs Brudmarsch". Her blir vi kasta attende til Nederland tidleg 70-tal og Focus. Og det er ikkje kødd eingong. Her snakkar vi instrumental med buldrande orgel og heftig sologitar. Null nostalgi, berre storslått. Nærast episk.

"Lowlands" kastar oss attende til notida. Med ekko av Eels i kompet. Utan at eg veit kva tidsepoke Eeels eigentleg oppheld seg i. Igjen med tungt orgel og til tider rabiat sologitar. Mykje lyd heilt på grensa til psykedelia.

Dei går attende til 70-talet på "Boomerang". Og kan minne om The Who, spesielt frå slutten av det tiåret. Det einaste som manglar er eit par gram av Daltrey sin pondus i stemma til Ha1tbakk. Men det er ikkje langt i frå. Kompet og koringa er uansett vel ivaretatt.

"Here To Let You Know" bringar attende popgruppa frå dei to første The Royalties-platene. Fin, sval popmusikk med røter i 60- og 70-talet. Men framleis med eit godt driv, fine koringar og hammondorgelet brukt litt annleis.

Dei tek ein liten sving på "Square Jaw". Mørkare, stort sett instrumentalt og nærast lydsporet til ein film. Gjennom våte gater med bil i god fart på kveldstid. Atmosfærisk og det næraste dei kjem krautrock.

Dei kortar ned låtlengda på "Ten Feet", tilset vokal igjen, men held den mørke stemninga. Igjen føler eg at dei oppheld seg i filmverda. Denne gongen innan detektiv- og film noir-sjangeren.

"DuDuDuDu" løysar det heile opp att. Ein sprettande lettbeint poplåt, igjen inspirert av 60- og 70-talet. Og soul.

Avsluttingslåten har fått namnet "The End". Og er nettopp det, ei eitt minutts effektiv avslutting på plata.

Ei plate som kom overraskande på. Ei god overrasking. Og eg håpar at, på trass av tittelen, dette ikkje er det siste vi høyrar frå The Royalties. Dei har etter kvart verkeleg fått opp steamen på platekarrieren sin.

Artikkeltags