Terningkast 6: THE POLLIES

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

”Where The Lies Begin”

DEL

Nok ein gong tek vi turen til Alabama, USA. Nærare bestemt Muscle Shoals. The Pollies debuterte i 2011 med EP’en ”Rough Cuts”. Som du kan laste ned gratis her: . Ei lågmælt melodiøs affære. Men vel verdt tida det tar å laste den ned. Det er ikkje så lett å beskrive dette bandet på generelt grunnlag. Men eit band som renn meg i hu er Band Of Horses. Men der Seattle-bandet har blitt meir og meir lik på softrockarane America, har Alabama-gjengen gått i ei røffare retning. Dei er framleis like melodiøse. Men uttrykket har gått meir mot Paisley Undeground-retninga frå 80-talet. (Green On Red, Rain Parade, The Dream Syndicate). Og då snakkar vi plutseleg om det beste frå to verder. Alabama 2012 og 80-tals amerikansk alternativ rock.

Men når det er sagt, The Pollies liknar eigentleg ikkje på nokon andre. Blandinga av gitarar, steel-gitar, keyboards og syntetiske lydlandskap er, om ikkje unik, særs effektiv og fengjande. Og rett og slett, unnskyld uttrykket, vanvittig bra.

No er det gitt ut så mykje bra musikk med utspring i det amerikanske sørstatane i år, og eg ser eigentleg ikkje enden på det. Eg veit at mellom anna This Is American Music har meir på gong. Og eg kan heller ikkje seie at dette er den beste utgjevinga der i frå år. Men det er ikkje langt i frå. Problemet er at ein kan ikkje samanlikne dei forskjellige banda. Dei er så forskjellige. Men The Pollies er dei med det mest varierte uttrykket.

”Good For Nothing” opnar og pøsar på med lyd. Både elektroniske og akustiske instrument. Noko som normalt får meg til å snu i døra. Men ikkje her, eg tek heller fart og peiser gjennom. Utan å opne den. Nydeleg korsong blir avløyst av vrengte gitarar. Før det saumlaust vev seg inn i tangentane og effektane til Daniel Stoddard (Dylan LeBlanc). Episk. Det episke forsvinn ikkje på ”Something New”. Småhissige gitarar får følgje av syntetiske kyrkjeklokkar. Igjen mykje herleg lyd med ein gjentakande gitarfigur. Og stor koring. ”Joe” roar tempoet heilt ned. Men ikkje intensiteten. Like bombastisk som opninga. Sakte, seigt og herleg. No veit ikkje eg kven Carter er, men ”Song For Carter” fortset i same sporet som forgjengaren. Litt raskare. Og med Stoddard på widescreen steelgitar og piano. Som saman igjen utgjer ein fantastisk lydkollasj. ”Little Birdie” fortel oss at The Pollies finn på akkurat det som fell dei inn. Squaredance-bluegrass, der banjo og mandolin erstattar dei elektroniske lydane og gitarkaskadane. Men dei snur seg sjølvsagt rundt på ”Rebel Man”. Platas mest konvensjonelle rockelåt. The E-Street-bands piano og orgel-dominerte lydbilete i godt tempo. Med Dan Stuart (Green on Red) på vokal. ”The Well” slipp ikkje heilt taket i austkysten. Men er meir stakkato og litt rolegare. Med ein for plata utypisk gitarsolo. (Pokker heller det høyrast nesten ut som om David Gilmour har hamna i feil studio). Og blåsarar som gir den rette understrekinga på dei rette stadane. Og då er det på tide med ein stor ballade, ”Things We Learn To Know” druknar oss nesten i kraftige koringar og mykje steel-gitar. Og vokalist Jay Burgess syng som ein gud. (No veit eg eigentleg ikkje korleis ein gud syng, men sannsynligvis sånn som dette.) Med ein stemme som heile tida trugar med å knekke. ”Ashes Of Burned Out Stars” fortset i same tempoet. Men er om mogleg endå meir bombastisk. Igjen Burgess si intense stemme og lydkaskadane til Stoddard i sentrum. Det blir rett og slett ikkje så mykje betre enn ein steel-gitar brukt på rette måten. Og då er det typisk at når The Pollies avsluttar plata med ”Magdeline”, snur dei seg igjen rundt. Her er ein akustisk gitar det einaste tonefølgjet til Burgess. Med innslag av nydelege strykarar undervegs. Ein etter forholda var og fin avslutting på plata. For når eg tenkjer meg om er det eigentleg ikkje mykje vart over den intense stemma til Jay Burgess. Men strykarane får uansett dei siste tonane. Og då blir sisteinntrykket – vart.

Nok ei sørstatsplate av store dimensjonar, og no gler eg meg berre til neste. Eg veit at ho kjem. Eg hadde ikkje høyrt The Pollies for ein månad sidan. Men dei betyr no veldig mykje for meg. Og dette er ikkje det siste eg kjem til å oppdage frå denne kanten.

Tilgjengeleg her: www.thisisamericanmusic.com 2. oktober 2012

Artikkeltags